Fylkesmannen i Møre og Romsdal søkte om 610 000 kr for å drive overvaking av
prioriterte vassforekomstar i 2012, av eit totalt overvakingsbudsjett i Møre
og Romsdal på 1,3 mill. kr. Klima- og forurensingsdirektoratet (Klif)
tildelte 460 000 kr til tiltaksorientert overvaking og problemkartlegging her
i fylket. Dette er ei auke frå året før, men samstundes mindre enn omsøkt.
Det kan resultere i at nokre av prosjekta som er anbefalt overvåka i år,
går ut eller vert utsett til seinare. Alle overvakingsprosjekta er no lagt ut
på offentleg anbud, og ein håper å få mykje overvaking for pengane.
(27.03.2012)