Du er her: Hovedside
Hopp til menyen
Avansert

Vesentlege vassforvaltningsspørsmål - høyring

På vegne av Vassregionutvalet i Møre og Romsdal så sender Møre og Romsdal fylkeskommune dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" ut på høyring. Dokumentet omhandlar dei største hovudutfordringane for vassmiljøet i Møre og Romsdal vassregion. Høyringsperioden er frå 1. juli - 31. desember 2012. Høyringsfråsegn sendast enten til post@mrfylke.no eller til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde. Merk fråsegna med "Fråsegn Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Vassregion Møre og Romsdal"Foto Michael Hansen Muren
Vi oppmoar kommunar, sektormyndigheiter og organisasjonar om å leggje ut dokumentet på deira respektive heimesider, gjerne med biletet som syner lokale utfordringar for vassmiljøet. Synleggjer også høyringsperiode og kor fråsegn skal sendast. 

Vassregionmyndigheita beklager at biletekvaliteten i dokumentet ikkje er så god som ønskjeleg når det vert printa ut. Etter høyringsperioden og dei endringar av dokumentet som måtte komme, vil det endeleg dokumentet verte sendt til trykking og utsendt til alle interesserte.

Dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" for Møre og Romsdal Vassregion har tatt utgangspunkt i innspela frå alle 5 vassområda, der faggruppene forureining og fysiske inngrep og tilslutt politisk styringsgruppe frå kvart vassområde, har gjeve innspel til kap. 7-11. Desse innspela følgjer vedlagt, men er ikkje gjenstand for høyring, det er det kun sjølve hovuddokumentet som er. Hovuddokumentet følgjer i to eksemplarer, enkelsidig eller som oppslag. 

Innspel frå vassområda:
- Nordre Nordmøre - Søre NordmøreRomsdalNordre Sunnmøre - Søre Sunnmøre
(29.06.2012)

Hopp til menyen Hopp til innhold