Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) inviterte regulantene i Sogn
og Fjordane til informasjons- og dialogmøte 23. januar 2012. Målet for
møtet var å gi kunnskap om vassforskrifta. Representantar frå
kraftbransjen bør følgje opp arbeidet lokalt i vassområda med å gi
innspel til tiltaksanalysen.
(24.01.2012 Oppdatert: 25.01.2012)
Les meir
Vassområdautvala er viktige i arbeidet med å få til ein heilskapleg
vassforvaltning. Mange viktige oppgåver ventar dei i år. Tidsfristar og ein
møteplan fram til 1.7.12 er lagt for å holde fristane i vassforskrifta. Kva
for oppgåver som ventar følgjer av oversikta under.
(24.01.2012)
Les meir
Marte Conradi er tilsett som prosjektleiar for vassområde Ytre Sogn. Ho tek
til i stillinga i byrjinga av januar 2012 og får kontorplass i Høyanger.
(12.12.2011)
Les meir
Fylkesutvalet for Sogn og Fjordane vedtok samrøystes planprogrammet
for Sogn og Fjordane 30. november 2011. Møre og Romsdal, Oppland,
Buskerud og Hordaland har mindre område inn i planområdet. Dei må godkjenne
planprogrammet for sine område før planprogrammet for vassregion Sogn og
Fjordane vert gjort gjeldande.
(05.12.2011)
Les meir
Karen Marie Hjelmeseter (Sp) er valt som ny leiar av vassregionutvalet for
vassregion Sogn og Fjordane. Ho vart valt av fylkesutvalet 9. november
2011 med Jorunn Eide Kirketeig (Ap) som nestleiar.
(10.11.2011)
Les meir
Fiskeseminaret vert halde på Rica Sunnfjordhotel 19-20 november. På
programmet står laksefisk, innlandsfisk og utfordringar for bestandane
knytt til m.a. lakselus, rømt oppdrettsfisk og regulerte vassdrag.
(09.11.2011)
Les meir
Første del av møtet er felles for vassregionutvalet og regional
referansegruppe. Deretter vert det separate møte for begge gruppene.
(26.10.2011)
Les meir
I samband med oppfølging av ny vassføreskrift skal det i vassområdet
tilsettast prosjektleiar i 50% stilling. Stillinga skal kombinerast med
50% stilling som miljøvernleiar i Høyanger kommune. Kontorstad er
Høyanger.
(24.10.2011 Oppdatert: 28.10.2011)
Les meir
Ein brei koalisjon av friluftsliv- miljø og biologiorganisasjonar arrangerer
ein samling om korleis frivillige organisasjonar kan bidra inn i
arbeidet med eit godt vassmiljø. Medverknad er hovudtemaet for
samlinga.
(05.10.2011 Oppdatert: 06.10.2011)
Les
meir
Begge møta er flytta frå 2. november til 1. november. Fylkesmannen held
kurs om naturmangfaldslova 2. og 3. november for kommunane. Møtet i
vassregionutvalet er flytta til den 1. november for å unngå møtekollisjon med
fylkesmannen sitt kurs. Alle møta vert halde på Skei hotel.
(08.09.2011)
Les meir