Medverknad ved gjennomføringa av vassdirektivet skal blant anna hjelpe til
med
• å utnytte kunnskap, erfaring og initiativ hos dei som blir påverka
av direktivet
• å auke motivasjonen for å gjennomføre gode planar og tiltak
• ansvarleggjering i forhold til planar og tiltak
• å identifisere utilsikta/uønskte effektar av vassdirektivet
• å oppnå tillit, eigarskap og støtte i avgjerdsprosessar
• å gi til eit kvalitativt betre resultat
Nasjonalt nivå
På nasjonalt nivå er det oppretta ei
referansegruppe med
representantar frå viktige brukarinteresser som miljø- og
friluftslivsorganisasjonar, næringslivet, bønder og energisektoren. Dette
skal vere eit konsultativt og rådgivande organ for sentrale styresmakter.
Referansegruppa skal også kome med innspel til konkrete tiltak for
medverknad.
Regionalt/lokalt nivå
Medverknad på dette nivået vil
vere viktig for å
-
ta i bruk kunnskap om lokale forhold og kompetanse på relevante fagområde
i arbeidet med karakterisering og utarbeiding av planar
-
sikre god forankring og eigarskap til planane som blir utarbeidt, som
igjen vil vere viktig med tanke på vidare behandling og oppfølging av
planane.
Det vil også vere på regionalt/lokalt nivå det ligg best til rette for å
mobilisere til medverknad, idet det er lettare å få folk til å engasjere
seg i saker som gjeld nærmiljøet og eins eigne brukarinteresser og så
vidare.
Forholda kan variere ein god del mellom dei ulike regionane og vassområda
både når det gjeld aktuelle problemstillingar, kompleksitet, aktuelle
aktørar, høve/interesse for å yte aktivt og så vidare. Når det blir
tilrettelagt for medverknad i den einskilde regionen, må det derfor takast
høgd for dette, slik at det blir laga praktiske ordningar tilpassa forholda
lokalt og regionalt.
Medverknadsrapport
På oppdrag av direktoratsgruppa for implementeringa av vassdirektivet, blei
det hausten 2004 sett i gong eit prosjekt for å lage eit forslag til
strategi for medverknad. Rapporten er no ferdig og vil vere eit nyttig
utgangspunkt for å utarbeide ein strategi for medverknad. Den tek for seg
generelle problemstillingar og utfordringar knytte til brukarmedverknad i
Noreg.
Les meir:
• Forslag til strategi for medverknad
–
rapport
laga for direktoratsgruppa ved SFT .
(21.07.2009 Oppdatert: 24.05.2010)