gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Interkalibrering: Grenseverdiar for biologiske kvalitetselement

I samband med EU sitt rammedirektiv for vatn har EU-kommisjonen vedtatt grenseverdiar for biologiske kvalitetselement. Det er dermed bestemt kva vi skal forstå med god økologisk tilstand i elver, innsjøar og kystvatn i Norge.

 

EU sitt rammedirektiv for vatn er gjort gjeldande for Norge gjennom vannforskriften. Den set rammer for kva som er akseptabel økologisk og kjemisk tilstand i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn i Norge. Økologisk tilstand blir målt gjennom tilstanden til såkalte biologiske kvalitetselement. Dette er nærare definerte biologiske grupper som fisk, insekter, planter og algar. Etter vannforskriften er miljømålet for vassforekomstar i Norge «god økologisk og kjemisk tilstand». Det er laga numeriske parametrar eller indeksar som måler kvaliteten på dei ulike biologiske elementa, basert på artssamansetning, mengder og forekomst av nøkkelartar innafor dei ulike biologiske gruppene.

Det har dei siste åra pågått eit samarbeid mellom dei europeiske landa som er forplikta av direktivet om å utvikle gode måleparametrar og å komme fram til konkrete grenseverdiar for akseptabel økologisk kvalitet. Samarbeidet skal sikre at grenseverdiane er samanlignbare mellom land og i samsvar med krav og definisjonar i direktivet. I sin definisjon av «god økologisk tilstand» tek direktivet utgangspunkt i dei naturlege forholda i ulike delar av Europa og tar omsyn til dei store geologiske, klimatiske og biogeografiske forskjellane som fins her.

EU-kommisjonen vedtok i september i 2013 grenseverdiar for fleire av dei biologiske måleparametrane som skal brukast til å måle økologisk tilstand. Grenseverdiane blir gjeldande også for Norge og vil komme inn som eit vedlegg til vannforskriften.

Last ned "Commission Desicion" her (pdf).
 

 

 

Publisert: 06. mai 2015 Sist oppdatert: 06. mai 2015