gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Temamøte om regionalt miljøprogram (RMP) 15.11.2019

Vassområdet arrangerte møte om RMP for kommunane Gulen, Luster og Vik. Føremålet var å sjå nærare på RMP som tiltak for vassførekomstar med utfordringar med avrenning frå jordbruk.

Der jordbrukspåverknad gjennom avrenning er ei av årsakene til dårleg vassmiljø kan RMP-ordningar vere eit av verktøya/tiltaka som kommunane kan arbeide for at takast i bruk for å betre tilstanden. Dette gjeld m.a. vassdraga Hopra i Vik kommune, Dalselvi i Luster kommune, og bekken sør på Sandøyna i Gulen kommune. Alle desse er omfatta av tilskotsordninga kantsone i eng.

I møtet blei det gjeve presiseringar angåande regelverket, og det blei delt erfaringar frå RMP-arbeid i Hordaland. Det blei også drøfta korleis ein kan gjere dette i Gulen, Luster og Vik.

Sjå presentasjonane og les referatet frå møtet i lenkene nedanfor.