gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nordre Øyeren Naturreservat

Frå båt fekk deltakarar frå styringsgruppa og prosjektgruppa i vassområde Øyeren i september moglegheit til å bli kjent med naturkvalitetane i naturreservatet i Nordre Øyeren.

På båtturen fekk deltakarane høyre om forvaltninga av området, og kva påverknadar som er av størst betyding for området. Formålet med turen var å bli litt betre kjent med dei unike naturkvalitetane i deltaområdet, forvaltning av naturreservatet og dei menneskelege påverknadane. Det var foredrag av prosjektleiar Kristian Moseby, Glommens og Laagens brukseierforening, Statens naturoppsyn, Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fetsund lenser.



Hovudutfordringane i vassområdet er tilfølsel av næringssalt frå avløp og landbruk. I tillegg er vassdraget regulert. Vassdragsreguleringa og overføringane av vatnet i Øyeren gir grunnlag for ein ekstra kraftproduksjon på om lag 3,5 TWh i dei delane av året kor behova er størst. 

Vassområde Øyeren vart oppretta i 2012, og er eit interkommunalt prosjektorgan som arbeidar for å bevare og forbetre vassmiljøet etter vassforskrifta. Vassområdet er 1285 km2 og kryssar 13 kommunegrenser.

Nordre Øyeren er eit enormt innlandsdelta. Området består av elvelaup, våtmarker, sandbankar, bakevjer, grunne lagunar, kroksjøar, meandrerande elvar, øyar og opne innsjøar.

Nordre Øyeren er heimen til botndyr, krepsdyr, insekt, amfibium, fisk, krypdyr og pattedyr. Det er heile 25 fiskeartar her. Ingen andre innsjøar i Norge har så mange fiskeartar. Etter siste istid vandra fleire fiskeartar frå varmare farvatn i Østarsjøen, heilt til Øyeren. Mange av fiskeartane har sin nordlegaste grense nettopp her. 

Det er også nesten 350 ulike planteartar i naturreservatet. Av desse er 50 vassplantar. Området er også eit eldorado for fugl. Det er til no registrert 271 forskjellige fugleartar, noko som har gjort at området står på Ramsar-konvensjonen si liste over internasjonalt viktige områdar for våtmarksfugl. 

I naturreservatet er det til saman registrert så mange som 114 truga og sjeldne artar av insekt, fugl, vassplantar og muslingar.

Publisert: 22. november 2016 Sist oppdatert: 22. november 2016