gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021 – utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Avgrensa 2. gongs høyring på regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021. Høyringsfristen er 20. september.

Vassregionmyndigheita for vassregion Hordaland legg no Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021 med tiltaksprogram og handlingprogram ut på avgrensa høyring og offentleg ettersyn, etter vedtak i fylkeskommunane Hordaland, Rogaland (med forbehold om vedtak i fylkesutvalget 2. juni for arealet i Hordaland) og Sogn og Fjordane. 

Føremålet med planen er reinare vatn og betre økologi i vassdrag, innsjøar, grunnvatn og kystvatn. Denne planen er den første av tre slike planar for vassregion Hordaland. Planvedtaka blir i 2015, 2021 og 2027 og arbeidet går fram til 2033.

Tema for 2. gongs høyring er

  • Miljømåla for 1803 vassførekomstar i vassdrag, innsjø, kyst og grunnvatn. Nytt i 2. gongs høyring er at alle sterkt modifiserte vassførekomstar har fått konkretiserte miljømål. Mange fleire vassførekomstar enn i høyringsdokumentet i 2014 har fått utsett frist for å nå miljømålet. 
  • Reviderte tiltak  for å førebygge eller forbetre tilstanden der det er naudsynt.
  • Nytt oppsummerande underkapittel om verknad av planen for vasskraft
  • Handlingsprogram

Høyringsdokument:

  1. Høyringsbrev
  2. Høyringsrapport til regional plan for Vassregion Hordaland, oppsummering av fråsegn
  3. Framlegg til Handlingsprogram 2016-2018, Regional plan for Vassregion Hordaland
  4. Reviderte miljømål for vassførekomstar i Hordaland
  5. Reviderte tiltak for vassførekomstar i Hordaland
  6. Nytt underkapittel om verknad av planen for vasskraft
  7. Norconsult-rapport: Vassregion Hordaland – Regionale prioriteringar av vasskraftrevisjonar
  8. Adresseliste

Meir informasjon om den einskilde vassførekomst og tiltaka finnast på www.vann-nett.no

Korleis sende høyringsuttale?

Dette kan skje på to måtar:

  1. På e-post til hfk@hfk.no (oppgi referansenummer 2014/16490) 
  2. I brev til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen (merk med referansenummer 2014/16490)

Høyringsfristen er 20. september 2015.

Spørsmål om høyringa kan rettast til Hordaland fylkeskommune v/Sølve Sondbø, solve.sondbo@hfk.no 

Vedtak om gjennomføring av tiltaka i tiltaksprogrammet vert gjort av ansvarleg myndigheit etter aktuell lovgjeving. Sektormyndigheita si sakshandsaming vil avklara og vurdera fordelar og ulemper ved dei enkelte tiltaka før endeleg vedtak. Den konkrete kost/nyttevurderinga for kvart tiltak vil skje her før endeleg vedtak. Her vil det òg leggast vekt på andre omsyn enn dei som er vektlagt i regional plan. Sektormyndigheita kan difor fatte vedtak som ikkje er i samsvar med planen. Om det i vidare arbeid vert aktuelt å fråvike den godkjente planen, skal vedkomande myndigheit informere vassregionmyndigheita. Årsaka til avvik frå planen må skildrast ved rapportering av tiltaksgjennomføring og i samband med neste revisjon av planen. Uforholdsmessig stor kostnad i høve til nytte vil her vere ein grunn til avvik frå planen.

Publisert: 01. juni 2015 Sist oppdatert: 12. august 2015