gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Plandokument - på høyring i 2019

Regional plan for vassforvaltning for Hordaland vassregion vart godkjent i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Arbeidet er no starta opp med å oppdatere planen for perioden 2022 - 2027. Under finn du ein oversikt over dokument som kjem på høyring våren 2019.

Utkast til dokumenta vart handsama av vassregionutvalet 15. februar 2019. Fylkesutvalet i  Hordaland handsama saka politisk  28.3.2019 og godkjende at dokumenta vert lagt ut på høyring 

Fylkeskommunen vil difor no gjennomføre høyring av planprogram og hovudutfordringar for vassregionen i perioden 1. april - 30. juni 2019. Plandokumenta vert deretter vedteke av fylkeskommunane hausten 2019.

Høyringsbrevet frå Hordaland fylkeskommune finn du her:

Nasjonale føringer for vassforvaltingsarbeidet

Dei nasjonale føringane for vassforvaltingsarbeidet kom fyrst 19. mars 2019. Vassregionmynde har difor ikkje hatt tid til å vurdere og implementere element frå desse føringane ved utarbeidinga av høyringsdokumenta. Dei nasjonale føringane vert difor her lagt ut saman med høyringsdokumenta, som eit supplerande grunnlag for høyrinsginnspel.

Nasjonale føringer for vannforvaltningsarbeidet finn du her.

 

Alle nabofylka til Hordaland har eit lite areal i vassregionen. Dei må av den grunn og gjere vedtak om å leggje dokumenta ut på høyring. 

Det er planar om å slå saman vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland frå 1. januar 2020 til Vestland vassregion. Oppdatering av Regional plan for vassforvaltning vil vere for nye Vestland vassregion. Det er difor utarbeid eit felles planprogram for vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland. Vedlagt planprogrammet kjem hovudutfordringar i vassregionane. I dokumentet Hovutfordringar i vassregionen går  kunnskapsgrunnlaget til vassforvaltningsplanen for 2022 - 2027 fram.

Under følgjer ei oversikt over utkast til plandokument som går til vedtaksbehandling i alle fylke som har areal i vassregionen med forslag til vedtak om å leggje dokumenta ut på høyring.

Vi har laga eigne skjema for innspel. Dersom du har innspel til eitt eller fleire av dokumenta, fyller du ut skjemaetsom høyrer til, og sender til  hfk@hfk.no.

 

 Planperiode 2016-2022:

Eit utkast til handlingsprogram knytt til vassforvaltningsplanen 2016 - 2022 for perioden 2019 -2021 er utarbeida og vert send på høyring 1. april til 30. juni 2019.

Handlingsprogram 2019 - 2021 for regional plan for vassforvaltning 2016 - 2021 - Hordaland vassregion

Planprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane vassregion (Vestland vassregion frå 1.1.2020)

Last ned innspelsskjema til høyring av planprogrammet her.

Last ned innspelskjema til høyring av hovudutfordringar her

 

    Hovudutfordringar vassregion Hordaland

Publisert: 07. juni 2017 Sist oppdatert: 31. mars 2019