gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Regional plan før Møre og Romsdal vassregion er no lagt ut på høyring

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion er no lagt ut på høyring. Forvaltningsplana skal bidra til å styre og samordna vassforvaltninga og arealbruk på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Høyringsfristen er 31.12.2014.

Foto: Asbjørn ødegård

Foto: Asbjørn Børset

Fylkesutvalet vedtok i møte 26. mai 2014 å legge regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion med vedlagt tiltaksprogram og overvakingsprogram ut på høyring i perioden 1.7.2014 - 31.12.2014. Hensikta med forvaltningsplana er å gi ei oversikteleg framstilling av korleis ein ønskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i vassregionen i eit langsiktig perspektiv.

Plana fastset miljømål for elver, bekkar, innsjøar, grunnvatn og kystvann frå høgste fjellvatn til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Planen er sektorovergripande og skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Vedlagt tiltaksprogram inneheld gjennomførte og planlagde tiltak som skal bidrege til at miljømåla som er satt blir nådd.

Vedlagt overvakingsprogram for Møre og Romsdal vassregion gir oversikt over både planlagt overvaking og behov for overvaking.

Heile dokumentet er opent for innspel og uttale, men vassregionmynda ønskjer spesielt innspel på det som omgår forslag til tiltak og miljømål.

Høyringsfrist: 31.12.2014

Plana har ei 6 månader lang høyringsperiode som er heimla i vassforskrifta. Med bakgrunn i lang høyringsperiode oppfordrar Møre og Romsdal fylkeskommune sektormyndigheiter til å komme med fråsegn innan 1.11.2014.

Høyringsuttale sendast som e-post til postmottak@mrfylke.no, eller som brev til vassregionmynda for vassregion Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset 6404, Molde. Fråsegn merkast som «Fråsegn til regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion» 

Publisert: 23. oktober 2014 Sist oppdatert: 23. oktober 2014