gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Forslag til miljømål og sterkt modifiserte vassførekomstar i Møre og Romsdal vassregion

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NVE har no utarbeida forslag til miljømål i regluerte vassdrag i Møre og Romsdal. Det er usemje mellom NVE og Fylkesmannen og Miljødirektoratet om miljømål i 3 av vassdraga.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NVE har gått igjennom alle kandidatar til sterkt modifisert vassførekomstar(SMVF) og utarbeida forslag til endeleg fastsetting av desse i regionen med konkrete miljømål. Nokre av vassførekomstane er føreslått som naturleg vassførekomst med miljømål "god økologisk tilstand"(GØT), miljømålet til SMVF er «godt økologisk potensiale» (GØP).

Usemje i tre vassdrag

I vassdraga Aura/Eira, Surna/Folla-Vindølavassdraga og Svorka/Bævra er det usemje om miljømål mellom NVE og Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Alle føreslår miljømålet GØP i 2021, men fylkesmannen og Miljødirektoratet foreslår GØT 2027 i elvevassførekomstane i disse vassdraga, mens NVE meiner GØP 2027 er realistisk. Alternativa blir ståande, og vist til som usemje i forvaltningsplan. Denne vil bli avklart i behandlinga av plan i kongeleg resolusjon.

Skal ut på høyring

Vassregionmyndigheita (VRM) vurderer endringa av miljømål som ein vesentleg endring av plan, og vil legge desse ut på ny høyring.. VRM vil og invitere regulantar til eit møte om forslaget som føreligg før ny høyring. VRM planlegg og andre møter før eller under høyring der andre interesser kan delta.