gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Delar av forvaltningsplan leggast no ut på 2. gangs høyring

Miljømål med tilhørande delkapittel i forvaltningsplan, samt handlingsprogram er no lagt ut på høyring. Høyringsfrist er 15. september.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte 29. juni å legge miljømål med tilhøyrande delkapittel i Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion og handlingsprogram ut på høyring med høyringsfrist 15.9.2015. 

 

Følgjande dokument blir lagt ut på høyring:

1. Delkapittel 3.7: Prioriteringar i arbeidet
2. Delkapittel 5.3: Sterkt modifiserte vassforekomstar
3. Delkapittel 5.4.1 og 5.4.2: Utsette fristar og mindre strenge miljømål
4. Vedlegg 1 i forvaltningsplan: Sterkt modifiserte vassforekomstar i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016 - 2021

5. Vedlegg 2 i forvaltningsplan: Utsatte fristar i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016 - 2021
6. Vedlegg 3: Mindre strenge miljømål i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016 - 2021
7. Handlingsprogram 2016

 Det er også utarbeida eit bakgrunnsdokument for miljømål i regulerte vassdrag som du kann finne her: http://www.vannportalen.no/vannregioner/more-og-romsdal/plandokument/bakgrunnsdokument---miljomal-i-regulerte-vassdrag/

Alle dokument er opne for innspel, men vassregionmyndigheita ønskjer spesielt innspel på miljømål og eventuelt forslag til tiltak.

 

Høyringsfrist: 15.9.2015

 

Høyringsuttale sendast som e-post til postmottak@mrfylke.no, eller som brev til vassregionmynda for vassregion Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset 6404, Molde. Fråsegn merkast som «Innspel til regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion»