gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ny høyringsrunde for regional forvaltingsplan for Møre og Romsdal vassregion

I møte i Arbeidsutvalet i Møre og Romsdal vassregion den 4.3.2015 vert det bestemt å fastsette individuelle miljømål for alle vassførekomstar i vassregionen. Dette inneber at sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) skal utpeikast og miljømål for desse konkretiserast. AU vurderer dette som ei vesentleg endring av planen og at den må leggast ut på ny høyring.

Møre og Romsdal vassregion har om lag 300 vassførekomstar som står som kandidat til å vere sterkt modifisert (kSMVF). Av desse er om lag 50 vassførekomstar utpeika som sterkt modifisert jf. Regional forvaltningsplan.

 

I brev av 17.11.14  frå Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet presiserast det at alle vassførekomstar skal ha miljømål før politisk vedtak i fylkestinga . I fråsegn til plan frå Miljødirektoratet og NVE blir det tydeleggjort at SMVF må utpeikast for alle vassførekomstar og at det må settas konkrete miljømål.

 

 

Prosess vidare:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NVE som sektormyndigheiter utarbeidar forslag til miljømål i regulerte vassdrag ved å gå gjennom alle kSMVF i Møre og Romsdal vassregion. Så snart forslag føreligg, vil dette leggast ut på www.vannportalen.no og sendast ut. Vassregionmyndigheita vil arrangere møte med regulantar om forslaget før det leggast ut på høyring. Det er fylkesutvalet i Møre og Romsdal som endeleg bestemmer å legge plan ut på ny høyring.

Publisert: 17. mars 2015 Sist oppdatert: 17. mars 2015