gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Uttale frå Nesset kommune angåande miljømålfastsetting i Aura/Eiravassdraget

Nesset kommune har kome med uttale til møte i VRU om miljømål i Aura/Eira-vassdraget. Kommunen ber om at miljømålet i delar av vassdraget ikkje får utsatt frist til neste planperiode. Alternativt ber kommunen om at usemje om miljømål kjem fram i forvaltningsplanen.

Utkast til regionel plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion blei utsendt 21.10.2015. Nesset kommune har no komme med uttale til det planforslaget som dei ber VRU ta stilling til.

Nesset kommune ønskjer at miljømål fastsatt i Aura/Eira reguleringa ikkje får utsatt frist til neste planperiode, men at miljømålet skal oppnåast innan 2021. Dette gjeld miljømål for anadrome delar av vassdraget.

Alternativt ber dei om at usemje kjem fram i planen etter § 26 i vassforskrifta.

Publisert: 23. oktober 2015 Sist oppdatert: 23. oktober 2015