gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Betre forhold for sjøaure på Smøla

Smøla er kjent for sine gode sjøaurebestandar og aktive sportsfiske. Det er gode forhold for fisken i sjøen, men i vassdraga har det vore ulike problemstillingar. Smøla jeger- og fiskeforeining har sommaren 2018 gjennomført to prosjekt i to vassdrag på øya for å betre forholda for sjøaure.

Utlegging av gytegrus i Klakkavassdraget. Fotograf: Askill Sandvik.

Dette er eit viktig arbeid i prosessen med å oppnå måla i regional plan for vassforvalting i Møre og Romsdal. Vassforskrifta legg føringar og beskriv mål for vassforvaltningsarbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta arbeidet økonomisk.

Litjseterbekken er eit lite vassdrag på nordsida av Smøla. Det seinare åra har det grodd igjen over eit kortare strekk på grunn av auka næringstilførsel. For å lette framkome for sjøauren grov foreininga ein kanal gjennom eit av dei gjengrodde områda. Oppstrøms det gjengrodde området er det gytehabitat, men med lite gytegrus. Her etablerte foreininga fleire gytekulpar og la ut til saman ti tonn gytegrus. Dette vil auke tilgangen og kvaliteten på gytehabitat.

I Litjseterbekken er det fjerna vegetasjon for å betre framkome for sjøaure. Fotograf: Askill Sandvik.

Klakkavassdraget sør på Smøla har tidligare vore eit godt sjøaurevassdrag, men utrast stein og gjengroing har hindra fiskevandring. I tillegg har gytehabitatet vore av låg kvalitet. Jeger- og fiskeforeininga rydda derfor elveløpet for store steinar i områder med god vasstraum. Her blei det så laga til tersklar og lagt ut gytegrus.

I tillegg til å legge til rette for vandring og gyting for sjøauren, er prosjekta med på å auke den økologiske tilstanden til vassdraga og redusere næringsmengda i vatnet og dermed betre vasskvaliteten.

Publisert: 26. september 2018 Sist oppdatert: 26. september 2018