gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nasjonal gjennomgang og prioritering av kommende revisjonssaker - svar frå Vassregionmyndigheita i Møre og Romsdal vassregion

Eit stort antal vassdragskonsesjonar (340) kan kome til revisjon innan 2022. Frå sentralt vert det no arbeida med å lage ei prioriteringsliste over regulerte vassdrag. Vassregionmyndigheita er invitert til å kome med innspel.

Vassregionmyndigheita meiner at det ikkje er satt av nok tid til reell medvirkning og kunnskapsinnhenting frå regionale- og lokale utval i denne prosessen. På erfaringssamling hos Klif 12. september vart det presisert frå Miljøverndepartementets representant at forvaltningsplanen med tiltaksprogram, som no er under utarbeiding, var det viktigaste innspelet i prosessen med prioriteringar av vilkårsrevisjonar. Vassregionmyndigheita i Møre og Romsdal støttar seg til denne presiseringa, og vil kome med vår prioritering i forvaltningsplanen som skal vedtakast i 2015. Då har vi betre høve til å leggje til rette for ein open prosess, med høg grad av medvirkning, basert på best mogleg kunnskap og med politisk deltaking.

Vassregionmyndigheita er innforstått med at Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NVE region midt/vest sender inn sine prioriteringar som fagmyndigheit.

Invitasjon til prioritering av vilkårsrevisjoner (PDF/Adobe Reader-fil - 237,9 kB)

Nasjonal gjennomgang og prioritering av kommende revisjonssaker - svar frå Vassregionmyndigheita Møre og Romsdal (PDF/Adobe Reader-fil - 449,5 kB)

Presisering NVE (PDF/Adobe Reader-fil - 68,0 kB)

Svar frå Landssammenslutninga av Vasskraftkommuner (LVK) (PDF/Adobe Reader-fil - 83,0 kB)

Publisert: 24. november 2014 Sist oppdatert: 12. april 2015