gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyring av planprogram og hovudutfordringar

Regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion blei godkjent i 2016. No startar arbeidet med å oppdatere planen for perioden 2022-2027. Planprogram og hovudutfordringar i Møre og Romsdal vassregion leggast no ut på på høyring i perioden 1. april til 30. juni.

 

Høyringsinnspel sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 30. juni 2019

Dokumenta er behandla i arbeidsutvalet 30. januar og i vassregionutvalet 13. feburar. Møre og Romsdal fylkeskommune behandla dokumenta i regional- og næringsutvalet 5. mars og i fylkesutvalet 25. mars. Planprogrammet beskriv planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utredningar. Dokumentet hovudutfordringar fortel kva utfordringar vassregionen står ovanfor i dag.

 

Nasjonale føringar for vassforvaltningsarbeidet

Nasjonale myndigheiter har etter at dokumenta vart behandla politisk kome med nasjonale føringar. Desse må leggjast til grunn for det vidare arbeidet:

 

 https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/vassforvaltning/id2633068/

 

Kom med innspel!

Alle har anledning til å kome med innspel. Om ønskeleg kan skjema for høyringsinnspel nyttast, men innspel kan sjølvsagt formulerast på fritt grunnlag.

Innspelsskjema til planprogram

Innspelsskjema til Hovudutfordringar

 

Innspel til dokumenta sendast Møre og Romsdal fylkeskommune med høyringsfrist 30. juni 2019

 

Innspel sendast til:

Vassregionmyndigheita for Møre og Romsdal vassregion

Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeshuset

Julsundvegen 9

6412 Molde

 

Epost: post@mrfylke.no

 

Plandokument på høyring kan du lese her:

 

Planprogram for Møre og Romsdal vassregion

 

Hovudutfordringar for Møre og Romsdal vassregion

 

Eit viktig grunnlag for hovudutfordringane i vassregionen er hovudutfordringane i dei enkelte vassområda. Desse ligg derfor som vedlegg til høyringsdokumentet.

 

Publisert: 25. februar 2019 Sist oppdatert: 25. februar 2019