gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kunnskap om miljøtilstanden

 
     

Det miljøfaglege avgjerdsgrunnlaget skal ligge til grunn for framtidige tiltaksplanar. Fylkesmannen i Rogaland har ansvar for dette arbeidet i Rogaland. Kommunane og sektormyndene er sentrale støttespelarar.

Foto: FM Rogaland

Miljøtilstanden set ein på bakgrunn av konkrete data frå vassførekomsten, eller ein kan gjere ein vurdering med bakgrunn i påverknader og nabovassførekomstar. Miljøtilstanden kan settast til svært dårleg, dårleg, moderat, god eller svært god. Når ein har kjennskap til miljøtilstanden og ulike påverknader er identifisert, kan ein gjere ein risikovurdering knytt til oppnåing av miljømål for vassførekomsten innan 2021.  



God dialog viktig
For å få ein god framgang i arbeidet, er Fylkesmannen avhengig av god dialog og kunnskapsutveksling med kommunane og sektormyndene. Enkeltpersonar og organisasjonar med kjennskap til vassførekomstane i fylket, ønskjer me og kontakt med.

Meir om miljøstatus i Rogaland finn de på www.miljostatus.no .

Informasjon om vassførekomstane i Rogaland finn de på www.vannportalen.no/Rogaland og http://vann-nett.nve.no/saksbehandler/ (saksbehandler må åpnes i Internett Explorer).

Kontaktperson

Ørjan Simonsen

rådgiver
Fylkesmannen i Rogaland
Publisert: 10. juli 2012 Sist oppdatert: 17. juni 2015