gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Meir kunnskap om vasskvaliteten i Ryfylkefjordane

18. juni 2012 starta feltarbeidet knytt til overvaking av fem fjordområde i Ryfylke. Målet med undersøkingane er å få gode nok data til å fastslå den økologiske tilstanden til dei aktuelle fjordane.

Foto: Frank Emil Moen

Målet med undersøkingane er å tette nokre av dei kunnskapshola me har med tanke på vurdering av den økologiske tilstanden til dei indre sjøområda i Rogaland. Resultata vil bli viktige for klassifiseringa etter vassforskrifta av desse sjøområda.

Stasjoner for prøvetaking                                    

 Hovudfokus for undersøkingane vil vere livet på sjøbotnen, den såkalla botnfaunaen. I tillegg vil makroalgar og livet i fjøra bli undersøkt. Dei aktuelle fjordområda er Idsefjorden, Fisterfjorden, Erfjorden, Årdalsfjorden og Jøsenfjorden. 

Undersøkingane vil bli gjennomført av NIVA (Norsk institutt for vannforskning) i samarbeid med IRIS (International Research Institute of Stavanger).

Stasjonar for prøvetaking
Raude punkt: botndyr
Grøne punkt: makroalger og livet i fjæra



 Hovudfokus for undersøkingane vil vere livet på sjøbotnen, den såkalla botnfaunaen. I tillegg vil makroalgar og livet i fjøra bli undersøkt. Dei aktuelle fjordområda er Idsefjorden, Fisterfjorden, Erfjorden, Årdalsfjorden og Jøsenfjorden. 

Undersøkingane vil bli gjennomført av NIVA (Norsk institutt for vannforskning) i samarbeid med IRIS (International Research Institute of Stavanger).

Stasjonar for prøvetaking
Raude punkt: botndyr
Grøne punkt: makroalger og livet i fjæra

Botnfauna
Botnfaunaen er dei små dyra som lever i sedimenta på sjøbotnen. Dette kan vere børstemark og ulike skjell. Desse dyra er viktig mat for fugl og fisk, men er og ein viktig sunnheitsindikator for fjordvatnet. Samansetninga av artar avspeglar miljøforholda i eit område over tid. I eit lite forureina område vil det vere  mange artar og ei jamn fordeling av individ blant artane. Botnfaunaen er spesielt sensitiv for organisk belastning som t.d. kloakk, fiskeoppdrett og landbruk.

Makroalger og livet i fjæra
Livet i fjæra er avhengig av forhold som temperatur, saltmengd, eksponering, straum og næringstilgang. Det er ennå ikkje utvikla målemetodar (indeksar) tilpassa Rogaland når det gjeld makroalgar og livet i fjæra, men undersøkingane vil kunne gje ein peikepinn på korleis situasjonen er. Etter kvart som indeksar blir utvikla og for Rogaland, kan data frå denne undersøkinga brukast for endeleg vurdering av dei undersøkta områda. 

Oppfølging av gamle stasjonar
I 1984, 1991 og 1993 vart Ryfylkefjordane undersøkt. Årets undersøking kan sjåast på som ei vidareføring og supplering av denne overvakinga. Sju nye målestasjonar er oppretta.

Det er Klif (Klima- og forurensingsdirektoratet) og Rogaland Fylkeskommune som står for finansieringa av undersøkingane, mens Fylkesmannen i Rogaland administrerar arbeidet.

Resultata frå arbeidet skal føreligga i rapportform i løpet av november 2012.


Publisert: 28. juni 2013 Sist oppdatert: 15. juni 2015