gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Hovudutfordringar i vassområda

I samband med revidering av "Regional plan for vannforvaltning" er det utarbeida eit dokument om hovudutfordringar for kvart av vassområda i Rogaland.

Dokumenta inneheld ei oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak i dei ulike vassområda. Det blir presentert kva som var dei viktigaste utfordringane i førre planleggingsrunde, og kva for utfordringar som gjeld no, og som skal setjast på dagsordenen og arbeidast vidare med i neste forvaltingsplan og tiltaksprogram.

Alle dokument knyt til høyring og offentlig ettersyn av planprogram og hovedutfordringar finn du her.