gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Sjøaureprosjektet

Sjøauren slit. Årsaka er forhold i sjø, elv og bekk. I Ryfylke og i kyststrøka nordover er lusepresset betydeleg. Uavhengig av dette; utan fungerande bekkar er det ingen sjøaure. I Rogaland har me derfor intensivert arbeidet for denne anadrome fisken. Prosjektet er eit samarbeid mellom NJFF Rogaland og lokallag, fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane i vassområda.

Talet på potensielle sjøaurebekkar er betydeleg redusert. Bekkelukking, kanalisering, fjerning av kulpar og kantvegetasjon, menneskapte vandringshindre og fråføring av vatn er noko av det som har skapt problem for sjøauren.

Eit viktig poeng for å nå miljømåla etter vassforskrifta er å unngå nye miljøforverringar. For sjøauren sin del må ein bevare viktige elvestrekningar, unngå nye vandringshinder og ivareta naturlege elvebredder med kantvegetasjon. Samstundes må ein gjere naudsynte tiltak for at øydelagde viktige sjøaurebekkar igjen kan auke fiskeproduksjonen. Bekkane må tilbakeførast til god økologisk tilstand. Når ein prioriterer tiltak i ein bekk til fordel for sjøaure, vil ein og ha fokus på alle påverknadar og problem i vassførekomsten. Dette vil bidra til ei heilskapleg vassforvaltning.

Kartlegging og tiltak

Som del av prosjektet er det eit mål å kartfeste alle sjøaurebekkane i fylket samt å sette i verk aktuelle tiltak. Dette er eit omfattande arbeid og det blir lagt ned mykje dugnadstimar frå lokallag av NJFF. Ein kan sjå på det som tredelt:

  • Kartlegging/undersøking: I dei bekkane der me meiner det er størst potensial nyttar me kartlegging med hjelp av konsulentar. Ein oversikt over sentrale fagrapportar finn du nedst på nettsida. Alle andre bekkar blir kartlagt av ressurspersonar. Til dette blir det nytta ein kartapplikasjon og eit utarbeida skjema.

  • Utarbeiding av kart: Med bakgrunn i data frå kartlegginga vil det bli offentleggjort data som temakart, særleg retta mot forvaltninga. I første omgang på Temakart Rogaland.

  • Tiltak: Det er i fleire år gjort tiltak for sjøauren i Rogaland. Ny kunnskap og arbeidet etter vassforskrifta gjer at me no ønskjer å auka dette arbeidet framover. Fleire sektorar må bidra, t.d. Statens vegvesen, kommunane, landbruket og konsesjonærar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NJFF Rogaland med lokallag, fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane i vassområda. Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet, referat frå møta finn du til høgre.

Les meir om prosjektet

 

Kunnskapsgrunnlaget - sentrale faglege rapportar

Ryfylke

Gabrielsen S-E., Skår B. 2014. Kartlegging av status for laks og sjøaure i Hjelmelandsåna 2013. LFI-rapport nr 229.

Hellen, B.A & M. Kambestad 2018. Sluttrapport for fiskebiologiske undersøkelser i Førreåna 2014-2017. Flaskehalsanalyse og forslag til tiltak. Rådgivende Biologer AS, rapport 2692, 32 sider, ISBN 978-82-8308-516-7

Kambestad, M. & B.A. Hellen 2018. Sluttrapport for fiskebiologiske undersøkelser i Ulla 2014-2017. Flaskehalsanalyse og forslag til tiltak. Rådgivende Biologer AS, rapport 2699, 43 sider, ISBN 978-82-8308-519-8.

Larsen, O. K. og Søyland, R. 2011. Kartlegging av sjøørret i Høgsfjorden og omegn – Kartlegging av ungfisktetthet og vandringshinder. Ecofact rapport 43

Lehmann G.B., Stranzl S., Postler C. 2019. Kartlegging av habitatforhold for laksefisk i Tauvassdraget, april 2019. LFI-rapport 345.

Lehmann G.B., Sandven O.R., Wiers T., Barlaup B.T., Gabrielsen S.-E. 2009. Bonitering, gytefisktelling og rognplanting i Frafjordelven i Ryfylke, 2008-2009. LFI-rapport 161.

Lehmann G.B., Wiers T., Barlaup B.T., Normann E.S., Gabrielsen S.-E., Skoglund H., Eriksen K.S. 2015. Undersøkelser og tiltak i Årdalselven. 2014. LFI-rapport 241.

Lehman G., Wiers T., Skår B., Fjellheim A., Velle G. 2015. Undersøkelser og tiltak i Jørpedalsåna, 2014. LFI-rapport 239.

Lehmann G.B., Fjellheim A., Halvorsen G.A., Straume Normann E., Velle G., Vollset K., Wiers T. 2016. Undersøkelser i Jørpelandsåna, 2015. LFI-rapport 267.

Lehmann G.B. 2016. Undersøkelser og tiltak i Årdalselven 2011-15. LFI-rapport 275

Lehmann G.B. 2016. Undersøkelser i Jørpelandsåna 2011-15. Sluttrapport for prosjektet. LFI-rapport 274

Lehmann G.B., Skår B. 2015. Undersøkelser i Hauskjeåna og Riskedalsåna 2014-15. LFI-rapport 259.

Pulg U. & Skoglund H. 2014. Habitatkartlegging Espedalsvassdraget. LFI-rapport 238

Skoglund H., Postler C. 2018. Flaskehalsanalyse for fiskeproduksjon i Dirdalselva. LFI-rapport-321

 

Jæren vassområde

Hellen, B. A., M. Kambestad, G. H. Johnsen & S. E. Sikveland 2019. Kartlegging av status og produksjonsforhold for anadrom laksefisk i Varhaugselvene. Rådgivende Biologer AS, rapport 2865, 51 sider, ISBN 978-82-8308-607-2.

Søyland R. og Randulff S. T., 2017. Kartlegging og vurdering av fysiske inngrep i Figgjovassdraget og Storånavassdraget. Ecofact rapport 587, 159 s + vedlegg.

Skoglund H., Wiers T. 2016. Kartlegging av habitatforhold for laksefisk i Håelva våren 2016. LFI-rapport 280.

Sægrov, H. & B.A. Hellen 2018. Ungfiskundersøkelser i Håelva 2017-18. Rådgivende Biologer AS, rapport 2706, 15 sider.

 

Haugalandet vassområde

Kambestad, M. 2019. Kartlegging av habitat for laks, sjøørret og elvemusling i Årvikelva i Tysvær kommune. Rådgivende Biologer AS, rapport 2800, 31 sider, ISBN 978-82-8308-576-1.

Kambestad, M., S.E. Sikveland & B.A. Hellen 2019. Habitatkartlegging og forslag til tiltak for sjøørret i vassdrag ved Skjoldafjorden. Rådgivende Biologer AS, rapport 2807, 116 sider, ISBN 978-82-8308-580-8.

Lehmann G., Wiers T., Stranzl S. 2017.  Bonitering og gytefisktelling i Åmselva, høst 2016. LFI-rapport 288

 

Dalane vassområde

 

Andre

Pulg U., Barlaup B.T., Skoglund H., Velle G., Gabrielsen S.-E., Stranzl S., Olsen E., Lehmann G.B., Wiers T., Skår B., Straume Normann E., Fjeldstad H.-P. 2018. Tiltakshåndbok for bedre fysisk vannmiljø: God praksis ved miljøforbedrende tiltak i elver og bekker. 4. opplag. LFI-rapport 296.

 

Publisert: 24. desember 2019 av jarle.lunde@suldal.kommune.no Sist oppdatert: 03. januar 2020