gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Få vassførekomstar med god tilstand

Ryfylke og Haugalandet vassområde har i 2017 fått utført ei overvaking av 4 innsjøar og 35 stasjonar i elver/bekkar. Resultata syner at tiltak må til for å løfte vasskvaliteten til god økologisk tilstand.

Målet med undersøkinga har vore å avdekke den økologiske tilstanden i vassførekomstar der ein har hatt mistanke om eutrofiering/organisk belastning. 

Samla oppnår Erlandsvatnet (Tysvær) god økologisk tilstand, Hilleslandsvatn (Karmøy), Nattlandsvatn (Suldal) og Storavatn 2 (Tysvær) moderat tilstand, og Storavatn 1 dårlig økologisk tilstand.
Klassifisering av bekkar og elver gav 3 stasjonar med god økologisk tilstand, 13 stasjonar med moderat økologisk tilstand, 12 stasjonar med dårlig økologisk tilstand, og 7 stasjonar med svært dårlig økologisk tilstand.

Økologisk tilstand i elvene er basert på undersøkingar av påvekstalger  og botndyr. I innsjøane har fokus vore på planteplankton, men og vassplanter og fysisk-kjemiske kvalitetselement.

Resultata frå undersøkinga har styrka kunnskapsgrunnlaget og vil bli nytta i vassområda sitt vidare arbeid for å betre den økologiske tilstanden i vassførekomstane.

Det er Cowi som har utført overvåkinga på oppdrag frå Ryfylke og Haugalandet vassområde. Undersøkinga er finansiert av Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og dei to vassområda.