gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vasskoordinator i Ryfylke

Jarle Lunde er tilsett som vasskoordinator i Ryfylke vassområde. Han har 50 % stilling og har kontorplass hjå Bygdeutvikling i Suldal kommune.

I oktober skal vasskoordinatoren besøke alle kommuneadministrasjonane i vassområde. Målet er å gjere seg betre kjend med kommunane, oppdatere om status for regional plan for vassforvaltning, og diskutere oppfølging av nemnde plan og prioritering av oppgåver.

Jarle Lunde er utdanna samfunnsgeograf frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Han har og studert natur og miljøfag ved Høgskulen i Telemark.

Sidan 1995 har Jarle vore lærar ved Gullingen leirskule. Innimellom har han hatt ulike prosjekt i Suldal som viltkartlegging, klimaplanarbeid, miljøinformasjon med meir.

I tillegg til å vere vasskoordinator er Jarle tilsett som sekretær for Villreinnemda i Setesdalområdet (30%) og lærar på Gullingen leirskule (20%).  

Publisert: 20. september 2016 Sist oppdatert: 20. september 2016