gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Overvåking av innsjøar i Strand kommune i 2017

Det er gjennomført ei undersøking i Åsvatnet, Nordlandsvatnet og Nordvatnet i Strand kommune. Målet har vore å få kartlagt eventuelle effektar av organisk belastning og eutrofiering.

Hovudfokus for undersøkinga har vore på planteplankton i innsjøane, med mål om å skaffe tilstrekkeleg data for å kunne fastsette miljøtilstanden etter gjeldande klassifiseringssystem.

Totalt konkluderer rapporten frå undersøkinga å gi «god» økologisk tilstand i Åsvatnet og Nordvatnet, og «moderat» økologisk tilstand i Nordlandsvatnet.

IRIS har gjennomført undersøkinga for Strand kommune/Ryfylke vassområde med finansiering frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. 

Publisert: 12. januar 2018 Sist oppdatert: 12. januar 2018