gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vassovervåking i 2018

Vassforvaltningsarbeidet skal vere kunnskapsbasert. Det er difor avgjørande at det er avklart kva som er miljøtilstand og påverknad i ein vassførekomst før ein setter inn eventuelle tiltak. I 2018 vil Ryfylke vassområde undersøke 3 vatn og fleire kystlokalitetar.

Målsettinga med undersøkinga er å fastsette miljøtilstanden. Opplegget er utarbeida for best mogleg å tilfredsstille vassforskrifta sitt krav til overvaking.

Innsjø
Vatna som skal undersøkast dette året er Mosvatnet i Suldal, Nessavatnet i Hjelmeland og Høletjørna i Strand. Det er IRIS som gjennomfører undersøkinga. Hovudfokus blir lagt på planteplankton. Nokre artar treng reint og næringsfattig vatn, andre finn ein der det er unormalt mykje næring frå til dømes gjødsel eller kloakk. Mengde og artssamansetning gir såleis eit godt bilde av miljøtilstanden i vatnet. I tillegg til planteplankton vil undersøkinga omfatte enkelte fysisk-kjemiske parameter som støtte for vurdering og tolking av resultata. Det blir teke prøvar ein gong i månaden frå mai til oktober.

Kyst
I samarbeid med Haugalandet vassområde vil me få undersøkt fleire kystlokalitetar. I Ryfylke er dette Fårasundet, Nådasundet og Hidlesund i Finnøy kommune, Klostervågen og Dysjalandsvågen i Rennesøy kommune, og Bogsfjorden og Økstrafjorden i Suldal.

Fishguard Miljø vil stå for undersøkinga. Dei aktuelle vassførekomstane manglar eit godt nok kunnskapsgrunnlag, og er i risiko for ikkje å nå god økologisk tilstand innan 2021. Ei felles problemstilling for mange av lokalitetane er at dei ligg i vassførekomstar med dårlig vassutskifting. Dei er avgrensa frå omkringliggande vassførekomstar med tersklar som hindrar utskifting av vatnet på botn. Ofte vil ein då kunne få ein oppsamling av organisk materiale på botn. Blautbotnfauna er en god indikator på bl.a. organisk belastning, og problemkartlegginga vil fokusere på nettopp dette.

Elv
I 2017 blei det blant anna gjennomført ei tilstandsundersøking i ei rekkje bekkar og elver i Ryfylke. I ei av desse elvene, Åbødalselva i Sauda, er det eit ønskje å følgje opp med nye undersøkingar i år. Det blir jobba for dette.

Resultata frå undersøkingane vil bli publisert ved årsskifte.

 

Publisert: 20. juni 2018 av jarle.lunde@suldal.kommune.no Sist oppdatert: 20. juni 2018