gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kurs i kartlegging av sjøaurebekkar

I samband med prosjekt sjøaure i Rogaland inviterer Suldal jakt og fiskelag saman med Ryfylke vassområde til eit dagskurs med fokus på kartlegging av sjøaurebekkar. Marius Kambestad frå Rådgivande Biologar vil vere hovudinstruktør/foredragshaldar.

Målgruppe: Alle som ønsker å bidra i den pågåande kartlegginga av sjøaurebekkane i Rogaland, eller som berre vil lære meir om sjøauren og tiltak for å ta vare på den.
Stad: Sand/Jelsa
Når: Laurdag 21. september frå kl 10.00 til om lag 17.00
Pris: Gratis

Påmeldingsfrist: 12. september til vasskoordinator i Ryfylke: jarle.lunde@suldal.kommune.no
For at kurset skal bli arrangert må me ha minst 15 deltakarar.

Bakgrunn:
I prosjekt kartlegging av sjøaurebekkar i Rogaland er det eit mål å få kartlagt alle potensielle sjøaurebekkar og mulige forbetrande tiltak. I 2019 er hovudfokus i Ryfylke og på Haugalandet. Som del av prosjektet skal Rådgivande Biologar i haust undersøke ei rekkje bekkar. I tillegg er det eit mål at NJFF og andre frivillige skal kartleggje alle dei resterande. Det langsiktige målet er at den negative utviklinga for sjøauren ikkje berre skal stoppast, den skal snus: Sjøaurebekkar skal vinnast tilbake. Til det treng ein oversikt over status og forslag til tiltak.
Under kurset vil ei lære meir om dette. Det vil først bli ein teoridel og deretter synfaring med kartlegging i fleire bekkar. Nærare program blir sendt påmelde.

Publisert: 03. september 2019 Sist oppdatert: 03. september 2019