gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Resultat frå overvakinga i 2018

Ryfylke vassområde har undersøkt 3 vatn og fleire kystlokalitetar i 2018. No føreligg resultata som fortel at miljøtilstanden i vassførekomstane varierer frå svært dårleg til god miljøtilstand.

Resultata frå undersøkingane har styrka kunnskapsgrunnlaget og vil bli nytta i vassområda sitt vidare arbeid for å betre den økologiske tilstanden i vassførekomstane.

Overvaking av innsjøar
For å styrke vurderingsgrunnlaget ble det gjennomført ei undersøking for å kartlegge eventuelle effektar av organisk belastning og eutrofiering i tre innsjøar. Dette var Nessavatnet (Hjelmeland), Mosvatnet (Suldal) og Erekjeret /Høletjerna (Strand). NORCE gjennomførte undersøkinga. Totalt sett indikerer resultata frå undersøkinga at Mosvatnet hadde svært god økologisk tilstand, Nessavatnet god tilstand og Høletjørna dårlig tilstand med tanke på eutrofiering. Dette er basert på planteplankton som kvalitets-element, og fysisk-kjemiske støtteparameter medfører ikkje endring i denne tilstandsfastsettelsen. Totalt sett viser undersøkinga at ein må sette i verk tiltak ved vassførekomsten Høletjørna for å nå miljømåla.

>>>Rapporten finn du her

Undersøking av kystvassførekomstar
I ei felles overvaking har Ryfylke og Haugalandet vassområde fått utført ei undersøking av utvalde kystlokalitetar. Den ble gjennomført av Fishguard Miljø avd. Bergen. Undersøkinga presenterer resultata knytt til økologisk tilstand for botnfauna i Haugesund og Ryfylke vassområde. Fokuset var på tersklar og innelukka fjordområder kor det var mistanke om organisk belastning, men det har mangla data for å kunne bekrefte den eventuelle påverknaden.
I Ryfylke varierte tilstandsklassen mellom moderat til svært dårlig, sjå tabell. Dei moderate til svært dårlige tilstandsklassane speglar det faktum at vassførekomstane har grunne tersklar med dårlig utskifting av botnvatn og høg tilførsel av organisk materiale, med hovudvekt av artar som rekna som opportunistar og forureiningsindikatorar. Inndelinga av artar knytt til økologisk gruppering (NSI) og organisk påverknad skilje likevel ikkje mellom opphavet til den organiske påverknaden, altså om den kjem frå avløp eller frå landbruk.

 

>>>Rapporten finn du her


Andre undersøkingar

I 2017 fekk vassområde undersøkt ei rekkje bekkar og elver. Ein av desse var Nordelva i Sauda. Her har me i 2018 fått gjennomført ei oppfølging. Cowi har hatt dette oppdraget. På grunn av tørke i sommar og ein våt haust har feltarbeidet ikkje gitt fullgode svar. Undersøkinga vil forsette i 2019, innanfor vedtekne rammer.

Publisert: 11. mars 2019 av jarle.lunde@suldal.kommune.no Sist oppdatert: 11. mars 2019