gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Revisjonskrav for Røldal-Suldal

Suldal og Odda kommune har no fremma krav om vilkårsrevisjon for Røldal-Suldal. Formålet er å betre miljøforholda. Vassmiljøet er derfor sentralt.

Hydro fekk konsjesjon til utbygging av Røldal-Suldal i 1962. Denne konsesjonen utgår i 2022. Hydro er i gang med ein prosess der målsettinga er å etablere eit nytt eigarskap for anlegga som vil innebere at reguleringskonsesjonane kan gjerast om til ein tidsuavhengig konsesjon for det nye selskapet. Dette vil samtidig gi muligheit til å krevje revisjon av konsesjonsvilkåra. Kommunane vel å gjere dette no.

Kommunane krev at nye vilkår må tilpassast ny kunnskap om natur og miljø, samt endringar i samfunnsutviklinga. Miljøundersøkingar, som alt er i gang som følgje av ein avtale mellom Hydro og kommunane, må følgjast opp med konkrete tiltak.

Krava når det gjeld vassmiljø er oppsummert slik:

- Tiltak må gjennomførast for å nå måla etter regional vassforvaltningsplan og vassforskrifta.

- Me har i dag for lite kunnskap om vassførekomstane. Dette vil bli betre med undersøkingane som no blir gjennomført etter utgreiingsprogrammet. Elveførekomstar som per i dag ikkje inngår i utgreiingsprogrammet må også undersøkast og framtidas miljømål og tilhøyrande tiltak må vurderast etter at ny kunnskap er på plass.

- Det må utarbeidast ein revidert plan for å optimalisera fiskeforvaltinga i heile konsesjonsområdet. Det må spesielt vektleggjast god fiskeforvalting i dei vatna som er økologisk mest gunstige og som er mest aktuelle sett frå friluftsinteressene i nedslagsfeltet. Ein må leggje mest mogleg til rette for sjølvrekruttering. Ein må ha fokus på uønskt fiskeslag som ørekyt og bekkerøye.

- Med bakgrunn i ny og relevant kunnskap må det gjennomførast tiltak for å betra miljøtilhøva i Brattlandsdalsåno, Stølsåna (nedre) og Roalkvamåno. Miljøtilpassa vassføring, erosjonsførebyggande og biotopforbetrande tiltak må inngå. Målet må vere eit godt økologisk potensiale der storaure og anadrom fisk har gode levevilkår.

- Ein må overvake vasskvalitet nedanfor steintippane for å avdekke eventuell forureining. Om naudsynt må tiltak gjennomførast.

 >>Les "Revisjonskrav for Røldal-Suldal"

>>Les meir om vasskraft og vilkårsrevisjon i Ryfylke

Publisert: 07. november 2019 av jarle.lunde@suldal.kommune.no Sist oppdatert: 08. november 2019