gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ope digitalt møte om status og tiltak for sjøaure i indre Ryfylke

Som ein del av arbeidet med oppfølging av vassforskrifta har Rådgivende biologer på oppdrag frå Ryfylke vassområde undersøkt 23 bekker/vassdrag i indre Ryfylke og kome med forslag til tiltak. Rapporten blir presentert i eit ope digitalt møte 19.mai.

Det er registrert ei rekkje inngrep og påverknadar som vandringshinder, bekkelukkingar og morfologiske endringar. Det er til saman føreslått 55 tiltak som inkluderer blant anna utbetring av kunstige vandringshindre, utlegg av gytegrus, reetablering av kantvegetasjon, utlegg av stein og døde trær, fjerning av erosjonssikringar, opning av bekkelukkingar og riving av dammar. 

Rapporten kan du laste ned her:
https://vann-nett.no/portal-api/api/ArchiveDocument/17305

 

Digitalt møte 19.mai

Det blir invitert til eit digitalt møte på Teams den 19.mai kl.19.00-20.15. Dei viktigaste hovudtrekka i rapporten vil bli presentert av Marius Kambestad frå Rådgivende biologer. Og kva med vegen vidare frå ord  til handling?
Send ei påmelding til jarle.lunde@suldal.kommune.no, du får då ei lenke til møte samt ein «møteinstruks/vegleiing».  

Publisert: 14. mai 2020 Sist oppdatert: 14. mai 2020