gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Miljøtilstand i Ryfylke

Me har mye godt vatn i Ryfylke. I kvardagen nyttar me det til blant anna drikke, matlaging, hygiene og næringsverksemd. Og så likar me å fiske, bade, oppleve og vise tilreisande det spektakulære fjord og fjellandskapet me har – med overflod av vatn.
Det er nok likevel ikkje slik at alt vatn har ein slik kvalitet me ønskjer. 

Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Generelt om vassområde

Vassområde består av ei rekke "fjell til fjord" vassdrag som strekk seg frå Frafjord/Lysefjord-systemet i sør-aust til det storeBoknafjord-systemet lenger nord. Dei fleste vassdraga har utspring i "skrinne" fjellområde med begrensa bufferkapasitet mot forsuring. For å ta vare på sårbare bestandar av laks og sjøaure har mange av vassdraga blitt kalket med doserer sida siste halvdel av 1990-tallet.

Ein stor andel av vassdraga er sterkt påverka av vassdragsreguleringer, noko som reduserer kvaliteten på mange habitat for vasslevande organismar.

Miljøtilstand

I Ryfylke er kystvann, innsjø, elv og grunnvatn delt inn i totalt 612 vassførekomstar. Alle desse er vurdert og gitt ein miljøtilstand. Nær 60 % er vurdert å ha ein tilfredsstillande økologisk tilstand/potensial. Påverknaden er størst frå vasskraftregulering, sur nedbør og avrenning frå landbruk.

 

Figur: Økologisk tilstand og potensiale for naturlege og sterkt modifiserte vassførekomstar pr mars 2019. Kjelde: Vann-nett 

 

I denne lenka til Vann-nett kan du henta opp detaljerte opplysningar om korleis vasskvaliteten er i Ryfylke.

 

Korleis er kvaliteten i «din» vassførekomst ?

Vann-nett er kunnskapsdatabasen for arbeidet med vassforskrifta. Tilgjengelig informasjon om miljøtilstand, påverknad, risikovurdering, tiltak og miljømål for ein bestemt vassførekomst, finn du her. 

Søk på din vassførekomst og finn ut meir.

 

Publisert: 10. oktober 2012 Sist oppdatert: 15. september 2018