gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vasskraft og vilkårsrevisjon

Ryfylke er ein sentral stad for Norges vasskraftproduksjon. Her er store reguleringar som blant anna Årdal, Ulla-Førre og Røldal-Suldal. Produksjon av vasskraft er samfunnsnyttig samtidig som den gir store miljømessige utfordringar. Vilkårsrevisjon er eit viktig verkemiddel for å oppnå betre miljøtilstand.

Bakgrunnen for lova som opnar for vilkårsrevisjon, er at det er eit behov for å modernisere gamle konsesjonsvilkår. Det gjeld spesielt fysiske og hydrologiske forhold i og rundt vassdrag og magasin. Muligheita til revisjon kan sørgje for at eldre konsesjonsvilkår i størst mulig grad blir oppgradert til dagens standard. Dette kan til dømes vere minstevassføring, endring i manøvreringsreglement og habitatforbetrande tiltak.

Regional plan (2016-2022) prioriterer Ulla og Førreåna for vilkårsrevisjon for å betre økologisk miljøtilstand. Årdalsvassdraget blir prioritert for tiltaksoppfølging knytt til endra konsesjonsvilkår (2015). Planen seier også at det er behov for å prioritere arbeidet med ny konsesjon for Røldal-Suldal (Hydro) der eksisterande konsesjon utgår i 2022.

 

Status

 

Årdalsvassdraget fekk nye konsesjonsvilkår med minstevassføring i 2015. Gjennom det pågåande "Årdalsprosjektet" blir det arbeida for at vassdraget skal ha livskraftige og haustbare bestander av laks og sjøaure. Meir informasjon er å finne på Lyse sine nettsider.

Ulla Førre: Suldal, Hjelmeland og Bykle kommunar fremma i 2018 krav om vilkårsrevisjon for Ulla-Førre utbygginga. I revisjonskravet blir minstevassføring fremma som eit aktuelt tiltak i fleire elvar. Formålet er å sikre eit godt livsmiljø for akvatiske planter og dyr, deriblant aure og laks. Saman med habitatjusterande tiltak kan sjølv avgrensa vassmengde gi store forbetringar. Det er mellom anna krav om tiltak i Suldalslågen, Ulla, Førreåna, Tusso og fleire mindre bekkar. Revisjonskravet kan du sjå her. 
Det er venta at NVE opnar revisjon i 2019.

Røldal Suldal: Det blei gitt samtykke til utbygging av Røldal-Suldal i 1962. Denne konsesjonen utgår i 2022. Det er venta at det vil bli etablert eit nytt eigarskap for anlegga som vil innebere at reguleringskonsesjonane kan gjerast om til ein tidsuavhengig konsesjon. Dette vil samtidig gi muligheit til å krevje revisjon av konsesjonsvilkåra.
Suldal og Odda kommune har underteikna ein avtale med Hydro Energi AS der den overordna målsettinga er å leggje til rette for ein god og effektiv felles prosess frem mot ein eventuell revisjon av konsesjonsvilkåra. Avtalen skisserer korleis ein skal gjennomføre og følge opp ein utgreiingsplan. Dette arbeidet starta i 2018.
Kommunane har også varsla at dei vil fremma eit revisjonskrav.

Publisert: 31. mai 2019 Sist oppdatert: 31. mai 2019