gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høve til å gje innspel til miljømål i regulerte vassdrag

Vassforvaltningsplan og tiltaksprogram for Sogn og Fjordane vassregion har vore på høyring. I høyringa er det spelt inn endra miljømål for vassdrag som er sterkt modifiserte (SMVF) grunna regulering. Arbeidsutvalet til Sogn og Fjordane vassregionutval ønskjer å gi ulike interessentar og sektorstyresmaktar høve til å uttale seg om framlegg til endra miljømål for desse vassførekomstane før saka vert lagt fram for vassregionutvalet 14. oktober 2015.

Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE vert oppmoda om å samarbeide om miljømål for aktuelle vassførekomstane i vassdrag omtalt i revisjonsrapporten 49-2013 (kategori 1.1 og 1.2). Andre interessentar har og høve til å komme med innspel.

Brev - Høve til å gje innspel til miljømål i regulerte vassdrag

Vedlegg 1 - Oversikt over miljømål for elvar omtalt som sterkt modifiserte i høyringsutgåva

Vedlegg 2 - Konkrete miljømål i Vann-nett - mal

Publisert: 23. september 2015 Sist oppdatert: 23. september 2015