gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Forvaltningsplan for Sogn og Fjordane godkjent av KLD

Klima- og miljødepartementet har godkjent den regionale forvaltningsplanen for vassregion Sogn og Fjordane.

Vassforvaltningsplanen gjeld for perioden 2016 - 2021. Planen vart vedtatt av Sogn og Fjordane fylkeskommune 8. desember 2015. Han er no godkjent av Klima- og miljødepartementet med ein del endringar som gjeld samferdsle- og vasskraftsektorane. Endringane gjeld mellom anna forlenga utsetting av fristen for å nå miljømål, samt ein del lemping i krav om tiltak i vasskraftssektoren, i forhold til det forvaltningsplanen la opp til. 

Om forpliktingar som forvaltningsplanen medfør, skriv KLD mellom anna i kapittel 4:

I sektormyndigheitene si sakshandsaming vil det bli gjort ytterlegare avklaringar og konkrete vurderingar av fordelar og ulemper ved dei enkelte tiltaka før endeleg avgjerd om eventuell tiltaksgjennomføring blir teke. Det kan då vise seg at alternative tiltak er betre eigna til å oppnå miljømålet. Det kan òg vise seg at tiltak ikkje er eigna eller har for høg samfunnskostnad i forhold til samfunnsnytten til å verte gjennomførde. Mangelfulle kostnadsvurderingar i dei regionale planane tilseier at det i ettertid, i den seinare sektorvise oppfølginga, òg kan vise seg at fleire av dei føreslåtte tiltaka ikkje er eigna til å nå miljømålet. ...

Som nemnt fører ikkje planane med seg absolutte forpliktingar av rettsleg art, og sektormyndigheitene pliktar ikkje å gjennomføre dei same tiltaka som står i tiltaksprogramma.

Publisert: 08. juli 2016 Sist oppdatert: 08. juli 2016