gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nytt forskingsprosjekt skal førebyggje giftige verknader av klimaendringar

Regionalt forskingsfond Vestlandet har gitt tilskot til eit forprosjekt som vil gi auka kunnskap om lokale kjelder til miljøgifter og korleis klimaendringar kan påverke og spreie miljøgiftene. Prosjektet vil finne ut kva for verktøy og strategiar miljøforvaltninga treng for å førebyggje slik skade. 

Prosjektet hadde oppstartsmøte 21.09. 16 og skal vere slutta innan eit år. Kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland vil bli involvert i prosjektet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland. Prosjektet er leia administrativt av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vestlandsforsking har det faglege ansvaret for gjennomføring av prosjektet. Forprosjektet har fått støtte på kr 500 000 frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Du finn meir informasjon om prosjektet på Vestlandsforsking sine nettsider. 

Publisert: 04. oktober 2016 Sist oppdatert: 04. oktober 2016