gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ny prosjektleiar for Indre Sogn og Ytre Sogn

Christian Pettersen er tilsatt som prosjektleiar for vassområda Indre Sogn og Ytre Sogn. Han tek til i stillinga 1. april 2016. 

Christan Pettersen har 100 % stilling og får kontorplass på fylkeshuset i Leikanger. Stillinga er eit spleiselag mellom fylkeskommunen og dei aller fleste kommuane langs Sognefjorden. Prosjektleiaren for vassområde har som oppgåve å følgje opp kommunane i samband med gjennomføring og revidering av regional plan for vassforvaltning. Han vil vere sekretær for vassområdeutvala for Indre Sogn og Ytre Sogn. 

Christian Pettersen - prosjektleiar

Christian E. Pettersen er utdanna biolog frå Universitetet i Oslo og Universitetssenteret på Svalbard. Han kjem frå eit drygt tre år langt arbeidsopphald hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Der har han primært har hatt arbeidsoppgåver knytt til verneområdeforvaltning og fiskeforvaltning. Før dette har han hatt diverse kortvarige engasjement hos m.a. Veterinærinstituttet og Norsk Institutt for Vannforskning. 

Publisert: 08. mars 2016 Sist oppdatert: 08. mars 2016