gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Villaksen slit i Sogn og Fjordane

Berre 6 av 20 laksebestandar i Sogn og Fjordane oppnår god kvalitet etter kvalitetsnormen for villaks.

Vitenskapelig råd for lakseforvaltning har klassifisert 20 laksebestandar i Sogn og Fjordane etter kvalitetsnormen for villaks. Elleve av laksebestandane i Sogn og Fjordane vart vurderte til både å ha nok gytefisk og eit godt haustbart overskot.

Genetisk integritet viser om laksebestandane er påverka av gener frå rømt oppdrettslaks. Tolv av bestandane var vesentleg påverka. Den genetiske integriteten vart vurdert å vere moderat for fire bestandar, dårleg for ein og svært dårleg for sju.

Nærmare omtale med status for vassdraga finn du her.

Datagrunnlagaet er henta frå; 
Temarapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning nr 4
Klassifisering av 104 laksebestander etter kvalitetsnorm for villaks

Publisert: 16. februar 2016 Sist oppdatert: 16. februar 2016