gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nytt FoU prosjekt skal gi betre flaumsikring og betre miljøtilstand i vassdraga våre

Mange inngrep i vassdraga våre har ført til dårlegare levevilkår for vasslevande organismar (m.a.fisk, botndyr). Årsakene til inngrep er mange.  Med  klimaendringar og aukande nedbør er det trong for å sikre vassdraga mot flaum. FoU-prosjektet vil finne fram til miljøvennlege metodar for restaurering av vassdrag samstundes som vassdraga vert trygga mot flaum. 

FoU prosjektet «Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima – innovative metodar for restaurering og betre miljøtilstand» er finansiert av NVE, med bidrag frå Sogn og Fjordane Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arbeidet vert gjennomført av Uni Research Miljø LFI og BOKU University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna. Prosjektet går over ein fem årsperiode frå 2017 til 2021.

Uni Reseach Miljø presenterer prosjektet i ein video om miljøvennleg flaumsikring.

Gjennom arbeidet med Regional plan for vassforvaltning er miljøtilstanden vurdert  for vassførekomstane våre. Mange vassførekomstar i Sogn og Fjordane har fått ein redusert miljøtilstand på grunn av fysiske inngrep i vassdrag. Tiltak må til for å nå miljømålet om god økologisk tilstand. Årsakene til inngrep er mange m.a. vasskraft, landbruk, vegar, fortetting, lukking av bekker og flaumsikring

 Tverrelvi i Flåmselvi nyetablert etetr flaumen i 2014

Tverrelvi er nyetablert etter flaumen i Flåmselvi 2014. Under molda ligg ein skjult forbygging som vil sikre marka mot utrasing ved ny flaum. Foto: Anders Muldsvor.

Prosjektet vil analysere gamle og nye data i Nausta, Storelva v/ Brekke i Gulen, Flåmselvi og Aurlandselvi. Målet er å sjå alle fysiske inngrep i samanheng i det enkelte vassdrag. Tiltak som vil trygge vassdraga mot flaum og betre forholda for fisk og anna biologisk mangfald vert føreslege. Prosjektet vil utarbeide retningsliner for restaurering av vassdrag på Vestlandet.

Prosjektet vil m.a. svare på følgjande  problemstillingar:

  • Har miljøtilstanden (fisk og anna biologisk mangfald)  vorte endra som følgje av fysiske inngrep i vassdraga?
  • Korleis har fysiske inngrep i vassdrag påverka avrenning og straum og har dette endra leveområda til fisk og botndyr?
  • Korleis vil aukande nedbør og meir flaum påverka vassdraga?
  • Korleis påverkar erosjon og transport av massar flaumrisiko og biologisk mangfald i vassdraga? Kor er det høgast risiko for at elva vil grave i massane under flaum?
  • Korleis nå god økologisk tilstand  i vassdrag med målretta restaureringstiltak samstundes som vassdraga vert trygga mot flaum?

Inn i desse problemstillingane ser ein nærmare på m.a. konsekvensar av utretta (kanaliserte) elveløp, forbyggingar, overvatn, bekkelukkingar, stengde flaumløp og drenerte myrområde.

Gjennomføring av tiltak vil bidra til å nå miljømåla for vassførekomstane i Regional plan for vassforvaltning 2016-2021 og/eller danne grunnlag for reviderte miljømål og tiltak for 2022-2027.

Samarbeid lokalt

Det er ynskje om eit tett samarbeid med kommunar, interessegrupper og lokale initiativ knytt til vassdrag. Innspel ved utvikling av scenario er velkomne. Fylkeskommunen vil i samarbeid med Fylkesmannen leggje til rette for lokal medverknad i prosjektet gjennom arbeidet som skjer i vassområda for dei enkelte case-vassdraga.

Andre lenker til prosjektet:

NVE: https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-klima/fou-prosjekt-skal-gje-betre-flaumsikring-og-betre-miljotilstand/

Uni Reseach Miljø: http://uni.no/nb/news/2017/04/03/store-flommer-oker-behov-miljovennlig-flomsikring/

https://www.facebook.com/LFIUM/

 

Kontaktpersonar:

NVE, administrativ prosjektleiing: Siss - May Edvardsen

Uni research Miljø, fagleg prosejktleiing: Ulrich Pulg

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: John Anton Gladsø

Sogn og Fjordane fylkeskommune: Merete Farstad

Publisert: 07. april 2017 Sist oppdatert: 07. april 2017