gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Kom med innspel til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatn

Korleis står det til med vatnet der du bor, og korleis kan vi ta betre vare på det? No kan alle som vil kome med innspel om korleis vi vi kan betre miljøtilstanden i vassdraga, fjordane og langs kysten.

Kom med innspel til tiltak for ny vassforvaltningsplan for Vestland

Vatnet blir utsatt for mange påverknadar frå det fell som nedbør i fjellet, renn ned bratte lier, gjennom elver, bekker og innsjøar og til slutt renn ut i fjordane våre. På vegen vert vatnet nytta til mange gode samfunnsformål som drikkevatn, matproduksjon, friluftsaktivitetar, energiproduksjon,  industriproduksjon m.m. På sin ferd frå fjell til sjø passerer vatnet gjennom urørte landskap, men også område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknadar.

Innspel til tiltak

Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak. Innspel på tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førbygde etc.

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020. Innspelet ditt registrerer du i eit innspelsskjema som du finn under. Har du spørsmål ta kontakt med vassområdekoordinatorane for ditt  område.

Mal – innspel til tiltak frå lag, organisasjonar, interessentar, private – word

Mal – innspel til tiltak frå lag, organisasjonar, interessentar, private  - excel

 

Send innspelet til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, e-post: post@sfj.no .

Ved sending av innspelet på e-post, sett vassområdekoordinator på kopi:

Staffan Hjohlman: Vassområda Nordfjord og Sunnfjord

Christian E. Pettersen: Vassområda Ytre Sogn og Indre Sogn 

 

Bakgrunn

Vassforvaltninga i Noreg skal bidra til beskyttelse og berekraftig bruk av vatnet vårt.

Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med forslag til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og komebeskytte mot dårlegare tilstand.

 Vassforvaltningsplanen som gjeld no blei godkjent i 2016, og varar ut året 2021. No startar arbeidet med å revurdere og oppdatere planen, slik at den nye planen er klar til gjennomføring i perioden 2022-2027.

 

Publisert: 01. november 2019 Sist oppdatert: 01. november 2019