gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Nytt verkty for miljøgiftkartlegging

Sogn og Fjordane Fylkeskommune får 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond Vestlandet  for å utvikle nye forvaltningsverktøy til å kartleggje og vurdere spreiing av miljøgifter til vatn forårsaka av klimaendringar. Vestlandsforsking har hovudansvaret for forskingsdelen av prosjektet.

Klimaendringane vil gje meir nedbør og hyppigare ekstremnedbør med mykje regn på kort tid. Dette aukar faren for at miljøgifter frå til dømes jordbruk, avfallsdeponi og industri finn vegen ut i elvene, sjøane og fjordane våre og inn i vasslevande dyr og planter.

Det nye prosjektet skal utvikle nye tilpassa verktøy for kartlegging, risikoanalyse og handtering av slike utfordringar, i samarbeid med forvaltninga.

 – Det er viktig at forvaltninga samarbeider godt og får meir kunnskap og oversikt over lokale miljøgiftkjelder, fortel Hønsi i Vestlandforsking.

Nye samarbeidsformer og forvaltningsverktøy

I tett samarbeid med ei nasjonal ekspertgruppe og partnarar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå vil prosjektet utvikle det nye digitale kartleggingsverktøyet «Miljøgiftkartleggeren» for å identifisere og kartfeste fleire lokale miljøgiftkjelder i miljødatabasen Grunnforurensning. Prosjektet vil også utvikle ein metode for GIS-støtta ROS-analyse for å vurdere effektar av klimaendringar på spreiing av miljøgifter og konsekvensar for vassmiljøet.

 -       Det har vore for lite merksemd rundt korleis klimaendringar kan auke faren for og skader av miljøgifter og ureining. Eg gler meg til å auke kunnskapen om dette, og gje forvaltninga nye samhandlingsformer og verktøy for å handtere slike truslar – seier forskar og initiativtakar Torunn Hønsi.

Samarbeid mellom tre regionar

Arbeidet med å oppdatere vassforvaltningsplanen for planperiode 2022 -2027 er no i gang. Oppdatert plan vil leggje meir vekt på klimatilpassing enn gjeldande plan. Prosjektet vil gje viktig støtte og kunnskap i dette arbeidet.  Tre vassregionar er involvert i arbeidet.

Forskarar frå Vestlandsforsking og NTNU Institutt for geografi vil samarbeide i prosjektet i lag med fylkeskommunane Vestfold, Telemark og Trøndelag, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Fylkesmannen i Trøndelag og Tønsberg kommune. Prosjekteigar er Sogn og Fjordane Fylkeskommune med Merete Farstad som prosjektleiar.

 -       Det er viktig å redusere farane ved spreiing av miljøgifter. Auka nedbørsmengde, fare for flaum og skred kan medverke til at miljøgiftene kjem lettare ut i vassfasen. Forvaltninga treng eit verkty for å få fram dei  mest farefulle områda. Dette prosjektet vil hjelpe oss på vegen med å finne desse områda - seiar Merete Farstad ved Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Prosjektet byggjer på forprosjektet TOKSKLIM, som var støtta av RFF Vest, og gjennomført av Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2016-2017.  

FK og Vestlandforsking

Endre Høgalmen og Merete Farstad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune med initiativtakar Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking.

For meir informasjon, kontakt Torunn Hønsi, forskar Vestlandsforsking, på tlf. 99647465 eller Merete Farstad, seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, på tlf. 977 42 381.

Publisert: 26. juni 2019 Sist oppdatert: 26. juni 2019