gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Planprogram for Vassregion Vestlandet på høyring

Planprogrammet viser arbeidsoppgåvene frå 2007 til og med 2009. I eit vassområde i Stryn og eitt i Bergen blir det omfattande planarbeid fram til ein forvaltningsplan med konkrete tiltak for tidsrommet 2009-2015. Ønskjer du å påverke dette arbeidet? Send inn kommentarar og synspunkt!

I samsvar med Forskrift om rammer for vannforvaltningen § 28, vert det no starta planarbeid for å utarbeide og vedta regional forvaltningsplan med tiltaksprogram for å beskytte, og om nødvendig betre miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn, brakkvatn og kystvatn.

Vassregion Vestlandet omfattar Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Arbeidet vert leia av Fylkesmannen i Hordaland som vassregionmyndigheit i samarbeid med vassregionutvalet. Vassregionutvalet vedtok på oppstartmøte 14. februar 2007 å starte planlegging i to vassområde:

  • Indre Nordfjord inkludert Strynevassdraget, Loenvassdraget, Oldenvassdraget, Vikaelva og fjordområde i Stryn kommune 

  • Nordåsvatnet inkludert Sælenvannet med tilrennande vassdrag og Grimstadfjorden i Bergen kommune

For å få kommentarar til arbeidet, vert forslag til planprogram no lagt ut til offentlig høyring.

Høyringsdokumenta er og lagt ut i Servicekontoret på kommunesenteret i Stryn, i Bergen Rådhus og i resepsjonen i Statens hus i Bergen.

Vi ber om kommentarar og synspunkt til planprogrammet frå alle interesserte innan 1.oktober 2007 til postmottak@fmho.no  eller til Vassregion Vestlandet, Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Publisert: 01. januar 2007 Sist oppdatert: 04. februar 2015