gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Plandokument - på høyring i 2019

Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion vart godkjent i 2016 og gjeld til utgangen av 2021. Arbeidet er no starta opp med å oppdatere planen for perioden 2022 - 2027. Under finn du ein oversikt over dokument som kjem på høyring våren 2019.

Utkast til førebuande dokument vart handsama av arbeidsutvalet til vassregionutvalet 8. februar 2019.

Fylkeskommunen vil gjennomføre høyring av planprogram og hovudutfordringar for vassregionen. Høyring av dokumenta vil skje i perioden 1. april - 30. juni 2019. Plandokumenta vert deretter vedteke av fylkeskommunane hausten 2019.

Alle nabofylka til Sogn og Fjordane har eit lite areal i vassregionen. Dei må av den grunn og gjere vedtak om å leggje dokumenta ut på høyring. I Sogn og Fjordane vil fylkesutvalet handsame dokumenta 6. mars 2019. 

Det er planar om å slå saman vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland frå 1. januar 2020 til Vestland vassregion. Oppdatering av Regional plan for vassforvaltning vil vere for nye Vestland vassregion. Det er difor utarbeid eit felles planprogram for vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland. Vedlagt planprogrammet kjem hovudutfordringar i vassregionane. I dokumentet Hovutfordringar i vassregionen går  kunnskapsgrunnlaget til vassforvaltningsplanen for 2022 - 2027 fram.

Under følgjer ei oversikt over utkast til plandokument som går til vedtaksbehandling i alle fylke som har areal i vassregionen med forslag til vedtak om å leggje dokumenta ut på høyring.

Planperiode 2016-2022:

Eit utkast til handlingsprogram knytt til vassforvaltningsplanen 2016 - 2022 for perioden 2019 -2021 er utarbeida og vert send på høyring 1. april til 30. juni 2019.

Handlingsprogram 2019 - 2021 for regional plan for vassforvaltning 2016 - 2021 - Sogn og Fjordane vassregion

Planperiode 2022-2027:

Planprogram for Sogn og Fjordane og Hordaland vassregion (Vestland vassregion frå 1.1.2020)

Hovudutfordringar i Sogn og Fjordane vassregion

Publisert: 15. februar 2019 Sist oppdatert: 15. februar 2019