gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Regional plan for vassforvaltning - Høyring av dokument

Regional plan for vassforvaltning gjeld til og med 2021. Vi har starta arbeidet med å oppdatere planen for perioden 2022–2027 og legg no fleire dokument ut til offentleg ettersyn. Fristen for innspel er 30. juni 2019.

Vi skal revidere regional plan for vassforvaltning for perioden 2022 – 2027 i lag med sektorstyresmakter og alle andre som ønskjer å vere med. Programmet for oppdatering er no på høyring (planprogram). Dei viktigaste utfordringane (hovudutfordringane) i vassregionen og vassområda er óg på høyring.

I tillegg til dokument for den nye planperioden, har vi også oppdatert handlingsprogrammet som høyrer til gjeldande vassforvaltningsplanen for 2016–2022. Vi ønskjer innspel på alle desse dokumenta. Fristen for innspel er 30. juni 2019.

Det er planar om å slå saman vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland frå 1. januar 2020 til Vestland vassregion. Det er difor utarbeid eit felles planprogram for vassregionane Sogn og Fjordane og Hordaland. Programmet legg grunnlag for utarbeiding av ein vassforvaltingsplan for Vestland vassregion.

Oversendingsbrev - høyring og offentleg ettersyn

Planprogram - Sogn og Fjordane og Hordaland

Planprogrammet seier korleis prosessen fram mot oppdaterte planar skal gå for seg, kven som er involverte – og når – og opplegget for medverknad. Målet er å gi høve til tidleg medverknad, god informasjon og dialog, og ein føreseieleg prosess for alle involverte. Har vi klart å lage eit godt planprogram?

Planprogram for Sogn og Fjordane og Hordaland vassregion
(Vestland vassregion frå 1.1.2020)

Last ned innspelsskjema til planprogrammet

Hovudutfordringar i Sogn og Fjordane

Dokumenta inneheld ei oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak og er derfor viktig i prosessen fram mot oppdatert vassforvaltingsplan og tiltaksprogram. Ei felles forståing av kva som er dei viktigaste utfordringane og prioriteringane vil gi eit godt grunnlag for vidare samarbeid om forvaltingsplanen og tiltaksprogrammet. Har vi kome fram til dei viktigaste utfordringane og prioriteringane?

Hovudutfordringar i Sogn og Fjordane vassregion
Last ned innspelsskjema for hovudutfordringar i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram - Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Sogn og Fjordane vassregion 2019 -2022

Vi har laga eigne skjema for innspel. Dersom du har innspel til eitt eller fleire av dokumenta, fyller du ut skjemaet/-a som høyrer til, og sender til post@sfj.no.

Publisert: 26. mars 2019 Sist oppdatert: 27. mars 2019