gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyringsutgåve - Regional plan for vassforvaltning - Tiltaksprogram

Vassregionmynda for Sogn og Fjordane vassregion sender på høyring framlegg til Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion med eit tilhøyrande tiltaksprogram. Høyringsperioden er 1. oktober 2015 til 31. mars 2015.

Regional plan for vassforvaltnings skal verne om vassresursane våre og fremme berekraftig bruk av vassdrag, kystvatnet og grunnvatnet. Målet er å sikre ei heilskapleg forvaltning av vassresursane.

Framlegg til regional plan gir ein miljøstatus for vassresursanse våre, basert på tilgjengeleg kunnskap. Kunnskapsgrunnlaget, status og tilstand for alle vassførekomstane i regionen kjem fram i databasen Vann-nett (http://www.vann-nett.no, http://www.vann-nett.no/saksbehandler)

Planen føreslær miljømål for elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn og legg føringar for når miljømåla skal vere nådd, anten i planperioden 2016-2021, i neste planperiode 2022-2027 eller i siste planperiode 2028-2033. Unntak frå å nå miljømåla i planperioden 2016-2021 må grunngjevast i samsvar med vassforskrifta.

Tiltak for å nå miljømåla er føreslege. Statlege etatar, kommunar og fylkeskommunar er ansvarleg for å gjennomføre tiltaka for å nå miljømåla innanfor sine ansvarsområde. Tiltaka som skal gjennomførast i planperioden 2016 – 2021 må vere operative innan utgongen av 2018.

 
Vedlegg 1 - Svært modifiserte vassførekomstar (SMVF) - pdfexcel
Vedlegg 2 - Utsett frist - pdf - excel
Vedlegg 3 - Mindre strenge miljømål - pdf - excel
 
Vedlegg Tiltaksprogram - pdf-excel

 
Publisert: 24. november 2014 Sist oppdatert: 20. januar 2015