gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion 2016 - 2021

Regional plan for vassforvaltning er vedteken i 2015 og godkjent i 2016. Planen for Sogn og Fjordane vart vedteke i fem fylkesting i desember 2015 saman med eit tilhøyrande Tiltaksprogram og Handlingsprogram. Vassforvaltningsplanen vart godkjent i Klima- og miljødepartementet (KLD) 4. juli 2016.

Planen fastset miljømål og viser korleis vi ynskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i eit langsiktig perspektiv. Det generelle miljømålet er minimum god miljøtilstand for vassførekomstane innan 2021. Planen er eit sentralt verkty for heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet. Planen vert rullert kvart 6. år.

Oversikt over alle miljømål og tiltak for å nå miljømåla for den enkelte vassførekomst ligg i ein database kalla Vann-nett. Klima- og miljødepartementet har gjennom godkjenningsdokumentet endra nokre av miljømåla i planen og vil rette desse opp i Vann-nett. Dette gjeld spesielt vassførekomstar påverka av vasskraftproduksjon og veganlegg. Når dette arbeidet er ferdig avslutta vil rett miljømål og tiltak gå fram av Vann-nett. Dette arbeidet føregår framleis. Vi legg ut informasjon her, når Vann-nett er ferdig oppdatert.

Om planen, programma og godkjenninga

Planen er utarbeidd i tråd med Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta). Forskrifta er ei implementering av vassdirektivet til EU.

Regional plan for vassforvaltning er vedteke som ein regional plan etter plan- og bygningslova § 8-4 med dei særreglar som følgjer av vassforskrifta. Planen er godkjent av Klima- og miljødepartementet jf. § 8-1 i plan- og bygningslova og § 29 i vassforskrifta.

Handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla i planen. Programmet viser kva for oppfølging planen krev og peikar ut ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for å få gjennomført planen.

Tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla.

I planområdet inngår areal frå fem fylke. Fylkestinga i respektive fylke vedtek planen med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram. Vedtaka er gjort av fylkestinga i Sogn og Fjordane, Hordaland, Buskerud, Oppland og Møre og Romsdal.  

Klima- og miljødepartementet skal berre godkjenne Regional plan for vassforvaltning og skal ikkje godkjenne handlingsprogrammet og tiltaksprogrammet. Endringar som vert gjort gjennom godkjenningsprosessen går berre fram av Vann-nett når denne er oppdatert. Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vert ikkje revidert på grunnlag av godkjenningsdokumentet.

Plandokument

Godkjenning av Regional plan for vasssforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion frå Klima- og miljødepartementet 4. juli 2016: Godkjenningsdokument frå KLD

Plandokument vedteke av fylkestinga:

Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion. 

Tiltaksprogram for Sogn og Fjordane vassregion

Handlingsprogram for Sogn og Fjordane vassregion

 

Vedtak i fylkestinga

Samla oversikt over vedtak i dei respektive fylkestinga

Vedtak i det enkelte fylke:

Sogn og Fjordane fylkeskommune -Protokoll og saksgrunnlag.pdf

Hordaland fylkeskommune - Protokoll og saksgrunnlag

Buskerud fylkeskommune- protokoll og saksgrunnlag.pdf

Oppland fylkeskommune- Protokoll og saksgrunnlag

Møre og Romsdal - Protokoll og saksgrunnlag

Publisert: 01. mars 2017 Sist oppdatert: 03. mars 2017