gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyringsutgåve - Handlingsprogram

Handlingsprogrammet for 2016 til 2018, som høyrer til Regional plan for vassforvaltning, vert no sendt ut på høyring. Høyringsfristen er 15. oktober.

Regional plan og vassforvaltning i Sogn og Fjordane 2016–2021 og det tilhøyrande tiltaksprogrammet har tidlegare vore ute på høyring.

No er det framlegget til handlingsprogram for 2016–2018 det gjeld. Offentlege instansar, næringsliv, interesseorganisasjonar og andre får no høve til å seia meininga si om dette og vere med å påverke det endelege handlingsprogrammet.

Programmet viser kva oppfølging planen krev, og peikar ut kven som er ansvarlege organ og samarbeidspartnarar for å få gjennomført tiltaka i planen.

Fristen for å kome med høyringsinnspel er 15. oktober 2015. Send innspela til

Vassregionsmynda for Sogn og Fjordane vassregion
Sogn og Fjordan fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

e-post:  postmottak.sentraladm@sfj.no

 

Høyringsdokument - Framlegg til handlingsprogram for Sogn og Fjordane vassregion

 Oversendingsbrev

Publisert: 01. september 2015 Sist oppdatert: 01. september 2015