gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Forslag til planprogram til handsaming i fylkesutvalet

Forslag til planprogram for vassregion Sogn og Fjordane blir handsama i Hovudutvalet for plan- og næring 29.11.11 og i fylkesutvalet 30.11.11.

Forslag til planprogrammet for vassregion Sogn og Fjordane har vore på høyring i 6 månadar, frå 15.02.2011 til 15.08.2011. Det har kome inn 23 høyringsuttaler. Som følgje av høyringa er planprogrammet revidert. Dette inneber å gjere tydeleg ein rekke punkt, men det er ingen vesentlege endringar i sjølve planprogrammet. Endringar i det reviderte forslaget til planprogram i forhold til høyringsutgåven er markert med rau skrift.  

Dei viktigaste merknadane i høyringsuttalene er summert opp i høyringsrapporten Oppsummering av høyringsuttalene - planprogram for vassregion Sogn og Fjordane. Kva for innspel som vert teke til følge går fram av tabellen i siste kapittel. Høringsrapporten har vore drøfta i arbeidsutvalet til vassregionutvalet 25.10.11. Vassregionutvalet slutta seg til høyringsrapporten 1.11.11.

Høyringsuttalene som vert teke til følgje er innarbeida i det reviderte forslaget til planprogram og er send arbeidsutvalet etter møtet i vassregionutvalet. Merknader frå arbeidsutvalet er innarbeideida i forslaget til planprogram som no er sendt Hovudutvalet for plan og næring og til fylkesutvalet for vedtak. Fylkesutvalet vil fastsatte det endelge planprogrammet for vassregion Sogn og Fjordane.

Forslag_til_planprogram_151111_Lazxs.pdf

Oppsummering_av_høringsuttalene_-planprogram_for_Vassregion_Sogn_og_Fjordane_dtUYm.pdf

Innstilling_til_fylkesrådsmann_-_planprogram_7wduh.pdf

Publisert: 28. november 2011 Sist oppdatert: 04. februar 2015