gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Varsel om oppstart av arbeid med forvaltningsplan for vassregion Sogn og Fjordane - høyring av planprogram

Vassregionmyndigheita for vassregion Sogn og Fjordane ved Sogn og Fjordane fylkeskommune varslar med dette, etter plan og bygningslova § 8-3, om at arbeid med forvaltningsplan for Vassregion Sogn og Fjordane startar.

Grensa for Vassregion Sogn og Fjordane følgjer i hovudsak fylkesgrensa for Sogn og Fjordane, men med unntak av nokre mindre område som ligg i grenseområda mot nabofylka. Vassregiongrensa føl nedbørsgrensene og ikkje den administrative fylkesgrensa.

Forvaltningsplanen for Vassregion Sogn og Fjordane skal sikre heilskapleg vern og fremme berekraftig bruk av vassdrag, kystvatn og grunnvatn i tråd med Forskrift om rammer for vannforvaltningen (vassforskrifta).

Sogn og Fjordane vassregionutval slutta seg til utkast til planprogrammet 18.01.11. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok 9.2.11 å leggje planprogrammet ut på høyring.

Høyringsperioden er 15.02.2011 til 15.08.2011.

Innspel og merknadar til planarbeide og planprogrammet skal sendast til vassregionmyndigheit Sogn og Fjordane v/Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger eller til postmottak.sentraladm@sfj.no.

Spørsmål kan rettast til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Merete Farstad, tlf. 57 65 62 67 eller på e-post: merete.farstad@sfj.no.

Planprogram_Høyringsutkast_-_150211_Wrpsa.pdf

Publisert: 15. februar 2011 Sist oppdatert: 04. februar 2015