gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ønskjer innspel til tiltaksanalysen for Sunnfjord

Sunnfjord vassområde vil gjerne ha fleire innspel til tiltak som kan betre vassmiljøet. Du kan no sjå alle innspela som er komne inn. Har du noko meir å bidra med?

Tiltakstabellen for Sunnfjord viser alle vassdraga som har mindre en god tilstand og kva for påverknad som er registrert. Desse vassførekomstane har risiko for ikkje å  nå miljømålet om god miljøtiltstand. 

Kommunar og sektorstyresmakter skal kome med framlegg på tiltak for å betre tilstanden i vassførekomstane til god. Interessentar, lag og organisasjonar har no høve til å kome med innspel til tiltaksanalysen.  
 
Vassområde Sunnfjord  ønskjer innspel frå alle interesserte og sender derfor tiltakstabellen til lokal høyring i Sunnfjord i tida 15.november til 10. januar 2014. 
 
Samletabel - (excel)

Hovudmålet med Vassforskrifta er god økologisk tilstand og kjemisk tilstand i alle vassførekomstar. I vassdrag med moderat eller dårlig tilstand vert det foreslått avbøtande tiltak for å nå mål om god tilstand. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vurdert tilstanden i alle vassdraga, og opplyst kva slags påverknad det er på vassførekomstane. 

Ein tiltaksanalyse frå kvart vassområde i Sogn og Fjordane vil utgjere grunnlaget for forvaltningsplanen med eit tilhøyrande tiltaksprogram for vassregion Sogn og Fjordane. Disse dokumenta vert innan 1.7.14 lagt ut på høyring i 6 månadar. Fylkestinget vil vedta forvaltningsplanen og tiltaksprogrammet i 2015. Forvaltningsplanen vil få ein sentral godkjenning ved kongeleg resolusjon innan utgongen av 2015. 

Har du spørsmål eller kommentar om tiltakstabellen eller vassførekomstar i Sunnfjord område, ta kontakt med:

 Alana Shanks
 prosjektleiar for Sunnfjord vassområde
 alanashanks@forde.kommune.no 
 tlf. 91594003

Publisert: 22. november 2013 Sist oppdatert: 01. april 2015