gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Oversikt - fristar for innspel til tiltaksanalyse

Alle vassområda har lagd ut utkast til tiltaksanalysar på lokal høyring. Dei ønskjer innspel til tiltak i vassdrag og sjø. Oversikt over dei ulike fristane finn du i tabellen under.

Miljømålet for vassførekomstane er å ha minst god tilstand i vassførekomsten. Dersom tilstanden ikkje er god nok, må tiltak settast i verk for å nå miljømålet. Unntak frå å nå miljømålet i planperioden kan gjevast utifrå bestemte kriteria.

Tiltaka vassområdeutvala går inn for, vert inkludert i tiltaksanalysene for vassområda. 

Tiltaksanalysane frå vassområda er innspel til den regionale forvaltningsplanen for vatn med eit tilhøyrande tiltaksprogram. Vassområdeutvala har fått utsett frist til 1. februar 2014 med å sende over tiltaksanalysen til fylkeskommunen (vassregionmynda).

Tabellen under gir oversikt over frister og tidspunkt for møte i vassområdeutvala (VOU) der tiltaksanalysen vert handsama.

Vassområde

Høyringsfrist tiltaksanalyse

VOU møte

Nordfjord

10. januar

22. januar

Sunnfjord

10. januar

15. januar

Ytre Sogn

12. januar

21. januar

Indre Sogn

15. januar

23. januar (flyttet til 5. mars)

 

Utkast til tiltaksanalyse:
Nordfjord - Send innspel til Gloppen kommune, 
Kontaktperson Staffan Hjohlman - E-post: Staffan.Hjohlman@gloppen.kommune.no  
Sunnfjord  - Send innspel til Førde kommune 
Kontaktperson Alana Shanks,  E-post: alana.shanks@forde.kommune.no 
Ytre Sogn -Send innspel til Høyanger kommune
Kontaktperson: Marte Conradi, E-post: Marte.Conradi@hoyanger.kommune.no 
 
Indre Sogn - Send innspel til  Aurland kommune
Kontaktperson; Bjørn Sture Rosenvold; E-post: bsr@aurland.kommune.no 
Publisert: 20. desember 2013 Sist oppdatert: 01. april 2015