gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyring - Vesentlege vassforvaltningsspørssmål for Vassregion Sogn og Fjordane

På vegne av arbeidsutvalet til Vassregion Sogn og Fjordane sender Sogn og Fjordane fylkeskommune ut dokumentet «Vesentlege vassforvaltningsspørsmål» ut på høyring. Dokumentet peikar på dei største hovudutfordringane for vassregionen. Høyringsperioden er på 6 månadar med frist 31desember 2012.

I dokumentet er det vist til Lakseregisteret når det er referert til bestandstatus for laks og sjøaure. I denne basen har Direktoratet for naturforvaltning vurdert ulike påverknadar på laks, sjøaure og sjørøye. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet er ikkje samd i at lakseregisteret kan nyttast som kjelde for å vurdere påverknad av lakselus og rømt oppdrettsfisk på laks og sjøaure.

Fylkeskommunen vil be sentrale styresmakter avklare dette tilhøve.

Vi oppmodar kommunar, sektormyndigheiter og organisasjonar om å leggje ut dokumentet på deira respektive heimesider, gjerne med biletet som syner lokale utfordringar for vassmiljøet. Synleggjer også høyringsperiode og kor fråsegn skal sendast.

I dokumneta Innspel til vesentlege vassforvaltningsspørsmål frå vassområda ligg meir detaljinformasjon om utfordringar i vassområda. Desse dokumenta er ikkje gjenstand for høyring, det er det berre sjølve dokumentet «Vesentlege vassforvaltningsspørsmål» som er på høyring.

Høyringsdokument:

Oversendingsbrev - Vesentlege vassforvaltningsspørsmål.pdf

Vesentlege spørsmål om vassforvaltning - endeleg.pdf

VEDLEGG Vesentlege spørsmål om vassforvaltning til møtet iAU 18 juni 2012 .pdf

 


Innspel frå vassområda:

Nordfjord Sunnfjord Ytre SognIndre Sogn

Til vassområdeutvala ved vertskommunen er det høve til å kome med direkte merknader til dokumenta deira. Merknadar/ innspel som kjem inn, vil bli teke med vidare inn i arbeidet med tiltaksanalysene for vassområdet.

Publisert: 02. juli 2012 Sist oppdatert: 01. april 2015